Hopp til innhold

Vil betale for juleopen fødestove

Kommunane i Nordfjord vurderer å betale for å halde fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus open rundt jul og nyttår.

Nordfjord sjukehus
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Helse Førde har bestemt å stenge fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus i jule og nyttårshelga for å spare 200 000 kroner.

Vil betale sjølv

Leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Vågsøy Roger B. Silden seier dette er uhøyrt. Om naudsynt er han klar for å betale.  

- Vi kan ikkje tillate at dette skjer. Helse Førde er pålagt å oppretthalde fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus, og så gjer dei eit slikt vedtak. Det kan ikkje vi akseptere, seier Silden.

Nordfjordrådet skal ha møte 27. november. Då vil ordførarane i regionen bestemme seg for kva dei skal gjere.

Silden trur at Helse Førde si reelle innsparing er på kring 100 000 kroner og at det er det kommunane kan måtte betale. Men Helse Førde seier Silden er for seint ute.

- For seint

Men Helse Førde seier det er for seint å kome på bana med dette no.

- Dette kjem truleg for seint, ja. Vi planla dette tidleg i september, og sendte brev ut til kommunane den 9. september. Viss dei verkeleg ynskte å vere med på å finansiere dette hadde det vore kjekt om dei hadde komme tidlegare, seier informasjonssjef Vidar Vie i Helse Førde.