Arkivfoto Faktor NRK
- Dette gjer vi for å møte ei utvikling som vi ser konturane av. Får vi same utviklinga med firehjulingar som vi har med snøskuterar så står vi overfor store skadar i naturen, og det ønskjer vi ikkje. Det seier Asle Karoliussen, som er lensmann i Luster og miljøkontakt for midtre Sogn.
Store skadar
Fordi køyring med firehjulssyklane skjer på barmark blir også skadane i sårbare naturområde store. Om denne typen køyring enno ikkje har fått det aller største omfanget, er meldingane likevel mange nok til at det gir grunn til uro, seier Kurt Arne i Vik kommune.
- Siste halvåret har vi fått fleire meldingar om at bruken av firehjulingar er aukande utan at vi har fått søknader om løyve, seier Arne.
Bane i Sogndal
I Sogndal har dei i fleire år hatt eit problem med ulovleg snøskuterkøyring. Med tanke på alle dei firjulingane som til no er selde vil kommunen prøve å vere offensive og prøve å få sett av området der slik køyring kan skje i regulerte former.
- Viss det er interesse for det og vi finn område som eignar seg, vil vi opprette eigne baner for firehjulingar, seier Jarle Skartun, som leiar komiteen som arbeider med motorferdsel i utmark i Sogndal.