Hopp til innhold

Vil berre sleppe til personbilar

Statens vegvesen vil berre sleppe til personbilar over Utvikfjellet. Stryn kommune og lokalt næringsliv har etterspurt å få til ein mellombels veg, sidan dei tapar store summar i veka når vegen over er stengt. Men vegvesenet vil ikkje tilrå at større køyretøy som turistbussar får sleppe til, og vil berre ha vegen open for personbilar fire timar i døgnet. Direktør for Samferdsle i Fylkeskommunen Dina Lefdal, seier dei tek endeleg avgjer måndag morgon.