Hopp til innhold

Vil berge Sognebåten

Tidlegare ordførar i Aurland, Osvald Turlid, foreslår fleire tiltak som kan berge Sognebåten. Før helga blei det kjent at nedlegging av Sognebåten kan bli aktuelt som følge av nedskjeringar i samferdslebudsjettet i fylkeskommunen.

Vil berge Sognebåten

SOGNEBÅTEN I FARE: Tidlegare aurlandsordførar ynskjer å flytte endestoggen for å berge Sognebåten

Foto: FOTOMONTASJE: NRK/Rune Fossum / NRK

– Eg er litt skuffa over fylkespolitikarane, for straks det er snakk om sparing så skal det kuttast. Det seier tidlegare ordførar i Aurland, Osvald Turlid.

Før helga blei det kjent at Sognebåten igjen er i fare. Bakgrunnen er at Sogn og Fjordane må klare seg med 234 millionar kroner mindre om fem år.

Turlid meiner ein kan løyse problemet ved å flytte endestoggen frå Sogndal til Flåm og sjå båten i samanheng med vintersatsinga på turisme i Flåm og kombinere båten med skuleskyss.

Må vere kreative

– Ein må vere litt kreative i denne samanhengen og tykkjer eg. Her kan ein hjelpe turistnæringa i Flåm og samstundes spare den båten som i dag fraktar skuleelevar mellom Aurland og Sogndal.

Dermed meiner Turlid at ein kan halde oppe båten som viktig for fleire av kommunane ut over i Sognefjorden. Leiar for Hovudutvalet samferdsle, Arnstein Menes (Sp) tykkjer innspelet frå Turlid er interessant.

Arnstein Menes

TYKKJER FORSLAGET ER INTERESSANT: Arnstein Menes (Sp), leiar for Hovudutvalet for samferdsle.

– Eg ser at dette er eit kreativ forslag til å løyse fleire utfordringar. Eg har førebels ikkje fått sett så nøye på forslaget, men vi tar i mot alle kreative innspel med takk.

For tidleg å konkludere

Dersom fylkespolitikarane går for dei mest drastiske kuttforslaga for å greie dei store innsparingane dei no står overfor kan det i framtida blant anna bety vinterstenging av fjellovergangane Årdal-Tyin og Aurland-Hol. Og altså nedlegging av Sognebåten.

– Det er litt tidleg å konkludere med om innspelet frå Turlid kan vere ei løysing. Eg vil ha litt tid på meg og også diskutere det med administrasjonen.

Menes seier dei allereie ei stund har vore i gang eit arbeid der kommunane, reiselivet og Norled har sett på bruken av Sognebåten.

– Der mogleg at dette kan la seg gjere, vi får sjå nøyare på det etter kvart.