Hopp til innhold

Vil berge kystkultur

FLORØ (NRK): Gamle kysttradisjonar er i ferd med å døy ut, men Johan Vadøy er mannen mot straumen. Han flettar gamle tradisjonar inn i ei ny tid.

Johan Vadøy

KYSTMUSEET I FLORØ: Johan Vadøy er kurshaldar i maritim knutekunst. Ein gamal tradisjon som også kan nyttast i andre samanhengar enn fiskeri. Her med ein makramé-lampeskjerm og ei dekorert flaske.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Her driv vi med seising av kuler, knutar og garn. Sjølv om ingen eigentleg knyter garn lenger, kan du nytte akkurat same teknikken til å lage hengekøyer, seier Johan Vadøy.

I regi av Kystmuseet i Florø held Johan Vadheim kurs i maritim knutekunst. Eit gamalt handverk som er i ferd med å forsvinne.

Trygve Hauge og Jens Batt Jansen

KNYTING AV GARN: Trygve Hauge og Jens Batt Jansen knyt garn.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Ein av kursdeltakarane øver seg på å knyte fiskenett, men har elles lite erfaring med fiskeri.

– Eg er landkrabbe på høgt nivå, men nysgjerrig på gamalt handverk. Mykje kunnskap er i ferd med å forsvinne, snart er alle som kan dette borte. Då gjeld det å nytte sjansen til å lære seg metodane, seier Trygve Hauge.

Gamle kysttradisjonar er i ferd med å døy ut, men Johan Vadøy er mannen mot straumen. Han flettar gamle tradisjonar inn i ny tid og er kurshaldar ved Kystmuseet i Florø.

Pynt i heimane

– Ofte vert maritime gjenstandar brukt som pynt. Eg har sett butikkar som sel seisa kuler til dekor, men desse ber preg av masseproduksjon, seier Vadøy.

Vadøy viser fram ei dekorert flaske, ein makramé-lampeskjerm og seisa glaskuler i ulike størrelsar. Tauet han nyttar til å seise med er hampeline.

– Om du går i ein butikk er det ikkje sikkert du finn akkurat det du hadde tenkt. Det er også sjarm med å lage noko sjølv, seier Trygve Hauge.

Av og til dukkar kulene opp

– Eg har sett seisa glaskuler som har vore nytta til oppstå for ruser og teiner, så dei er ikkje heilt borte. Eg trur også desse glaskulene er meir miljøvenlege enn plastkulene som har teke over, seier Vadøy.

Kulene før seising

GLASKULER: No skal tauverket kome på.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Han fortel at på 60- og 70-talet nytta fiskarane seisa kuler. Gjerne var det kvinnene som seisa, altså la på tauverket rundt, medan mannen var på fiskeri.

Vanlegvis var det ti kuler på eitt garn og 60–70 garn om bord i båten. Dermed hadde fiskarane fleire hundre kuler. Ettersom dei var av glas og kunne knuse, måtte produksjonen haldast i gang.

– I dag er fiskeria langt meir effektive og lagt opp på ein annan måte. Noko som er med på å bidra til at denne kunnskapen vert gløymd, seier Vadøy.

Meir interesse for kystkultur

– Det artig å jobbe med gamalt handverk og eg opplever ei aukande interesse for maritim knutekunst, seier Vadøy.

Seisa kuler og flaske

FERDIGE PRODUKT: Klare til bruk!

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Vadøy har blant anna vore med i den kulturelle skulesekken og alle åttandeklassingane i Bremanger har seisa kule. Han held kurs for husflidslag og deltek på Kystdagar i fylket.

– Det er rimeleg greitt å lære seg å bøte garn, men ein del småknep må du ha med deg, seier kursdeltakaren Trygve Hauge.