Per Øen i aksjonsgruppa seier attgroing er eit stort problem. - Vi synest det er veldig alvorleg, for det har redusert kvaliteten på det meste som har med vatnet å gjere, både bading og fiske, seier han.
Kjøspollen avmerka med kryss
- Meir demning enn bru
Kjøs bru på riksveg 60 i Hornindal vart bygd i 1969, og er er meir ei demning enn ei bru, hevdar aksjonsgruppa. Brua hindrar vassgjennomstrøyming og forureinar pollen innanfor.
- Forringar livskvaliteten
Vatnet er så tilgrisa at folk som bur i området får forringa livskvaliteten, meiner Øen. - På fine sommardagar når ein kan ha lyst til å ta seg ein dukkert, så er det nesten ikkje råd, for det er så mykje grasvekstar. Og om ein badar, så blir ein aldeles grumsete, så ein må spyle seg på nytt, seier Per Øen. Han synest ikkje det er å ta for hardt i å seie at livskvaliteten blir forringa av attgroinga.
Krev bru med frie spenn
No krev han og dei andre 46 som har skrive under på brevet at Statens Vegvesen ordnar opp. - Det einaste som vil gi skikkeleg effekt er ei bru med frie spenn, slik at vatnet får sirkulere fritt igjen, seier Per Øen.
Vegvesenet vil sjå på saka
Saka har kome på bana no fordi det er planlagt ei rundkøyring på riksveg 15 like ved brua. Per Øen håpar at det då kan bli aktuelt å gjere noko med brua og. Statens Vegvesen vil sjå på saka og vurdere korleis dei skal følgje den opp.