Leiar for sosialkomiteen, John Alvheim, krev at fedmepasientar framleis skal bli operert i Førde. Saman med Arbeidarpartiet gir dette eit godt grunnlag for å få fleirtal på Stortinget. For også Bjarne Håkon Hanssen, helsepolitisk talsmann for Ap, vil oppretthalde tilbodet.
Rett til å få hjelp
Fedme er ein sjukdom, og dette gjev dei råka rett til å få hjelp. Rikstrygdeverket vil då måtte betale dobbelt så mykje for å sende pasientar utanlands.
Bjørg Sandal
Stort press om effektivisering
Medan sentralsjukehuset før søkte helsedepartementet om pengar, så er det no Helse Vest som skal fordele midlar. Presset om effektivisering og billegast mogeleg drift er stort, og helseregionane driv no som eigne selskap. Informasjonssjef i Helse Vest, Bjørg Sandal, seier til NRK at dei no vil opne for å forhandle om pengar til operasjonstilbodet.