NRK Meny
Normal

«Vi skal ut og klinke til»

Nøkkelen mot Vålerenga i ettermiddag vert å ta med seg den gode kjensla frå kampen mot Haugesund. Det trur assistenttrenar for Sogndal, Tom Mangersnes, som seier dei skal gå hardt ut.

Ulrik Flo, Tim Nilsen og Rune Bolseth jublar over scoring.
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

SISTE: Sogndal tapte 2 - 1 mot Vålrenga

(NRK kjem tilbake med ny artikkel)

– Vi ynskjer å gå ut på Ullevål og ta tak i kampen i dag, og rett og slett klinke til. Så får vi håpe vi får betalt for det.

Assistenttrenaren seier Sogndal reiser til Ullevål med sjølvtillit.

– Vi har ein offensiv inngang, trur på siger, og er villige til å verkeleg gjere det som krevjast oss. Det er ein kamp som er fullt mogleg å vinne. Men då må vi faktisk ville det meir enn motstandarden vår.

Laster innhold, vennligst vent..

– Viktig å ta leiinga

Før den knusande 4–1 sigeren møt Haugesund førre helg, hadde ikkje Sogndal vunne på 11 kampar. Dei hadde heller ikkje tok leiinga på 11 kampar.

– Vi må tilbake til sist kamp mot Vålerenga, før VM pausen. I eit mentalt spel som fotballen, er det viktig å gå ut med eit veldig sterkt ynskje om å køyre på og få betalt, seier Mangersnes.

For å få betalt må meiner han dei må følgje sporet frå førre helg.

– Når du har gått eit visst tal kampar over tid utan heilt å lukkast, og endeleg lukkast, så handlar det først og fremst om å klare å ta med seg den energien og den gode opplevinga inn i ny kamp

– Bli klar over kva som var verkeleg bra

Etter kampen mot Haugesund sa mentaltrenar Morten Åsli at det kan ha vore årets viktigaste siger for Sogndal.

Tom Mangersnes seier dei har jobba heile veka for å halde på den gode kjensla.

– Ja, det er viktig å ta med den. Vi har nytta heile veka til analyse, og til å gjere spelarane veldig klar over kva som var verkeleg bra mot Haugesund. Det har vi jobba med på treningsfeltet denne veka.

Likevel er innstillinga det aller viktigaste, ifølgje assistenttrenaren.

– Alle vi sender utpå, og alle som er her, må ha ein offensiv inngang til denne kampen. Til sjuande og sist handlar det om at spelarane må klare å finne tilbake til energinivået og det riktige spaningsnivået vi hadde sist.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå