NRK Meny

Vil både til Stryn og Volda

Ei innbyggjarundersøking utført av fylkesmannen syner at bygdefolket i Markane i Stryn er delte i synet på kva kommune dei vil høyre til. I grendene Aasen, Maurset, Øyane og Øyebakken vil 92 prosent av folket høyre til Stryn kommune. I andre område av krinsen vil 62 prosent bli med i den nye Volda kommune. Fylkesmannen skal sende ei tilråding til kommunaldepartementet i løpet av desember, der dei skal gje eit råd om kva kommune Markane bør vere i.

Vegopning på Bergum i Førde kommune