Hopp til innhold

Vil avvikle sengeposten snarast

Helse Førde kan spare sju millionar kroner på å leggje ned sengeposten på nærsjukehuset i Florø.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det har administrasjonen i Helse Førde no rekna seg fram til. Då har dei ikkje teke med kostnadsreduksjonar knytt til sjølve bygningen.

Sengeposten ved Nærsjukehuset har til saman 11 senger. Seks av dei er senger for Flora kommune, og dei fem siste er Helse Førde sine spesialisthelsetenestesenger.

Kan spare 20 årsverk

Avtalen mellom kommunen og Helse Førde går ut ved nyttår. Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, tilrår styret å avvikle dei fem sengene til føretaket snarast mogleg.

Han reknar med at føretaket vil spare inn om lag 20 årsverk på å leggje ned sengeposten. Det er etablert ei nedbemanningsgruppe i samarbeid med verneteneste og tillitsvalde.

Lengre reisetid

Det er kapasitet ved dei andre sjukehusa til å ta hand om pasientane frå nærsjukehuset. Det betyr at dei som må på sjukehus får lengre reisetid.

- Men med dagens kommunikasjonar er ikkje ulempa svært stor, seier Jon Bolstad.

Vurderer sal av bygningar

Florø nærsjukehus
Foto: NRK

Styret i Helse Førde bad også administrasjonen om å vurdere sal av bygningane i Florø. Men Bolstad ønskjer å kome tilbake til det når ein veit kor mykje areal ein treng til dei resterande funksjonane.

Av dei tenestene som framleis skal utførast i Florø er dagkirurgi, spesialistpoliklinikk med til dømes hud og indremedisin, lærings- og meistringsfunksjonar og psykisk helsevern.

Styret til Helse Førde tek stilling til saka på eit styremøte i Førde 28. november.