Vil avsetje nesten heile styret

Lotteri- og stiftingstilsynet vil avsetje heile styret i Måløyraid-senteret med unntak av ein person, skriv Fjordens Tidende. Tilsynet har utarbeidd ein rapport i etterkant av at det blei kjent at senteret hadde økonomiske utfordringar. I den førebelse vurderinga heiter det at økonomistyringa har vore mangelfull på ein slik måte at styret vesentleg har tilsidesett pliktene, skriv avisa. Tilsynet vurderer stiftinga Måløyraidsenteret som «teknisk konkurs». Til NRK seier styreleiar Helge Hjelle at han ikkje har fått lese heile rapporten enno, berre konklusjonen. – Vi må få lese rapporten grundig før vi kan uttale oss, seier han.

Heradsheim i Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK