Hopp til innhold

Vil avkriminalisere narkotikabruk

Politikarane er feige som ikkje torer å gå inn for avkriminalisering av narkotikabruk, seier fylkesstyremedlem Sveinung Rotevatn (V).

Sveinung Rotevatn

VIL AVKRIMINALISERE: Sveinung Rotevatn (V) og fylkesårsmøtet vil avkriminalisere narkotikabruk.

Foto: Pressefoto

Sogn og Fjordane Venstre vil avkriminalisere narkotikabruk. Dei meiner at oppevaring og bruk av brukardoser ikkje skal vere straffbart. Det gjekk fylkesårsmøtet til Venstre inn for i helga.

– Vi må få dei narkomane inn på helseklinikkar å gje dei hjelp. Vi treng ikkje ha dei i rettssalane, seier Rotevatn.

Viser til Portugal

Sogn og Fjordane Venste vil heller at rusmisbrukarane skal bli beordra til å oppsøke hjelp i staden for å bli dømd til fengselsstraff.

– Stoffet vil bli konfiskert, du kan bli ilagt administrative gebyr, men du får det ikkje på rullebladet. Du hamnar ikkje i arresten, du kjem ikkje i fengsel og du får ikkje bøter, seier Rotevatn.

Også Hordaland Venstre vedtok på sitt fylkesårsmøte sist helg at narkotikabruk skal avkriminaliserast. Begge fylkespartiene viser til erfaringane Portugal har gjort etter at dei i 2001 gjekk inn for at bruk og oppbevaring ikkje skal vere straffbart.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Vi har sett i Portugal at narkotikabruken går ned, at misbrukarane får moglegheit til betre helsehjelp, dei oppsøker helsetenesta og stigmatiseringa forsvinn, seier Rotevatn.

– Feige politikarar

Fleire fagmiljø tek også til orde for avkriminalisering av narkotikabruk. Til Aftenposten seier tidlegare høgasterettsdommar Ketil Lund at den drastiske satsinga på straff ikkje har gitt resultat når det gjeld bekjemping av narkotikaproblemet.

Rotevatn meiner politikarane ikkje har turt å gjere noko med saka.

– Det har vore politisk feigheit over partispekteret som gjer at ein ikkje tør å gå inn for det, seier Rotevatn.

Får motstand

Forslaget til Venstre får motstand frå Arbeiderpartiet.

– Det er brei politisk einigheit om at det framleis skal vere forbode, i alle fall blant politikarane på Stortinget, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

Ho er heilt imot ei avkriminalisering av narkotika, og ønsker derimot at ein dømmast til behandling.

– Vi har fleire program som gjer til at ein blir dømd til behandling i staden for fengselsstraff. Korleis kan ein få dømd nokon til behandling visst det er avkriminalisert?

Ingrid Heggø

IMOT: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) er imot forslaget.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK