Hopp til innhold

Har sett seg mål om å vera 112 000 innbyggjarar i 2016

Fylkespolitikarane i fylket har sett seg eit ambisiøst mål. Dei vil nemleg auke folketalet i fylket med 3400 personar fram til 2016.

Publikum på Malakoff 2012

VIL AUKE FOLKETALET: Fylkespolitikarane vil arbeide for å auke folketalet i Sogn og Fjordane til 112 000.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Det er målet i verdiskapingsplanen som fylkespolitikarane har starta å arbeide med.

– Planen skal gi oss ei retning på kva vi skal freiste å utvikle. Den skal ta utgangspunkt i ressursane vi har, og kva slags kunnskap vi kan tilføre, seier Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring.

Det overordna målet i planen er å auke folketalet i Sogn og Fjordane til 112 000 i perioden fram til 2016.

For å nå dette målet vil fylkeskommunen mellom anna styrke attraktiviteten til kommunane, og styrke utviklinga av lokalsamfunn med vekt på kultur, tryggleik og helse.

Auke i sysselsetjing blir viktig.

– Det viktigaste er at vi har arbeidsplassar og interessante bumiljø for dei som kjem til fylket vårt i framtida, meiner Heggheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Heggheim

VERDISKAPING: - Vi må velje kva vi skal prioritere å utvikle, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Må prioritere

Vidare i planen står det at fylkespolitikarane mellom anna vil arbeide for å styrke infrastruktur og grunnlaget for eit innovativt og konkurransedyktig arbeidsliv.

– Det betyr også at noko ikkje kan prioriterast like høgt. Vi må velje nokon område som vi ser vi har gode føresetnader for å utvikle og lykkast i, forklarar Heggheim.

– Håpet er at både eg og aktørar i næringslivet skal sjå på planen, og sjå kor vi har moglegheit for å satse.

Følgjer opp tankane frå Frp

Førre år opna Frank Willy Djuvik og Framstegspartiet valkampen sin med ein lovnad om 120 000 innbyggjarar i fylket før 2020.

Då trekte han fram kor viktig det er å fullføre vegprosjekt i fylket og peika på at det må leggjast til rette for næringsutvikling i kommunane.

– Det må vere billig å etablere seg, det må vere billig å bu i Sogn og Fjordane, sa Djuvik.