Hopp til innhold

Vil at regjeringa skal gjere meir

Norsk Folkehjelp Sunnfjord arrangerte onsdag ei solidaritetsmarkering for flyktningar utanfor rådhuset i Førde. Med dette vil dei sende eit tydeleg signal til regjeringa om at Norge må gjere meir for å hjelpe.

Solidaritetsmarkering for flyktningar i Førde

MANGE TOK TUREN: Det var ikkje få menneske som ville vere med på å vise solidaritet for flyktningane i verda. Markeringa vart arrangert ved Jølstra utanfor rådhuset i Førde.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Det fortel Katrine Apelseth som er leiar i Norsk Folkehjelp Sunnfjord. Medan mengda av folk utanfor rådhuset gradvis auka sprang ho rundt for å organisere det heile. Det var nemleg dei som tok initiativ til markeringa.

– Bakgrunnen er den flyktningsituasjonen vi no ser, men også at vi i lenger tid har tenkt på at noko må gjerast, og vi hadde eit ønskje om å markere det på ein god måte, fortel Apelseth.

Enorm engasjement

Katrine Apelseth

VIL HJELPE: Katrine Apelseth, leiar i Norsk Folkehjelp Sunnfjord.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Då arrangementet starta hadde mange menneske stilt seg opp – klare for å vise si støtte til flyktningane. Det synest Apelseth er veldig kjekt. Ho er overraska over kor stort engasjementet har vore for denne saka.

– Folk har ringt, sendt epost og teke kontakt over Facebook. Alle vil bidra og det er kjempeflott, seier ho.

Eit mål med markeringa for Norsk Folkehjelp, er å sende signal til regjeringa om at dei må gjere meir for å hjelpe i samband med flyktningkrisa.

– Blant anna må vi ta i mot fleire. Vi må ta vår del av arbeidet og vi må bidra i Hellas og Syria og nærområda der, seier Apelseth.

– Må bidra der vi kan

Olve Grotle på solidaritetsmarkering for flyktningar

ALLE MÅ BIDRA: Også Førde, meiner ordførar Olve Grotle (H).

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Lista over organisasjonar og parti som skulle halde appell var lang. Også ordførar i Førde, Olve Grotle (H), heldt appell. Han snakka om at vi ikkje lenger kan akseptere at humanitære kriser får utvikle seg.

– Verdssamfunnet må gripe inn på eit tidlegare tidspunkt slik at vi ikkje får borgarkrigar med den store nauda det gir, men når vi no har fått ei flyktningkrise må alle bidra.

– Kva blir Førde si rolle oppi dette då?

– Vi har tidlegare sagt at vi skal prøve å busetje fleire enn det som regjeringa tidlegare har bede om. Og så veit vi at det skal skje godt og grundig arbeid på flyktningmottaket i Førde, og så får vi komme tilbake til dette med busetjing som er eit stort problem, ikkje berre i Førde, men i heile landet, seier Grotle.

Betalar gjerne meir skatt for å hjelpe

Roar Gulbrandsen

MEIR MEDKJENSLE: Det er det verda treng, meiner Roar Gulbrandsen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ein av dei som tok turen for å høyre appellane og dei kulturelle innslaga var Roar Gulbrandsen.

Er det noko vi treng i dag, så er det menneske som bryr seg om kvarandre, meiner han. I tillegg har alle råd til å betale litt ekstra skatt for eit slikt føremål, seier førdianaren.

– Menneska har vandra i alle år, og vi er alle etterkommarar frå folk som har vandra sørfrå og oppover langs iskanten. Vi pliktar å ta i mot folk på ein god måte. Difor er det veldig fint med eit slikt arrangement, seier han.

Solidaritetsmarkering i Førde for flyktningar

GODT OPPMØTE: Solidaritetsmarkering utanfor rådhuset.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK