Tysdag var helseminister Bent Høie på besøk ved sjukehuset i Volda, og han fekk høyre både helsepersonell og politikarar som var svært opptekne av Nordfjord og Helse Førde.
For sunnmøringane håpar tusenvis av pasientar frå Nordfjord skal sikre pasientgrunnlaget som helseministeren krev for å oppretthalde akuttfunksjonar, som han har foreslått å leggje ned i Volda.
Vil ha samanslåing med Hornindal og Stryn
Ordførar i Ørsta, Stein Aam frå Senterpartiet, trur kommunesamanslåingar på tvers av fylkesgrensene kan redde akuttkirurgien i Volda, gjennom at indre Nordfjord blir del av Helse Midt og helsesystemet i nabofylket i nord.
– Volda sjukehus er så viktig, både for Sunnmøre og Nordfjord, at eg vil sjå på alle moglege løysingar for å behalde akuttkirurgien. Vi ser meir og meir mot Nordfjord. Sjukehuset er eit så sentralt punkt og så viktig for heile regionen, seier Aam.
Ordføraren i nabokommunen Volda, Jørgen Amdam frå Arbeidarpartiet, opnar også for eit Nordfjord-spor i spørsmålet om kommunereform.
– Det er absolutt noko eg trur på på sikt. Det har skjedd ein betydeleg grad av integrasjon sørover med Kvivsvegen. Det er naturleg å diskutere og noko vi kjem til å sjå på framover, seier han.
Men Amdam har faktisk større tru på regionreform enn storstilte kommunesamanslåingar, og håpar at Hornindal og Stryn kan bli rekna som del av pasientgrunnlaget til Volda sjukehus, med eller utan kommunesamanslåing mellom Ørsta/Volda og Stryn/Hornindal.
– Det viktige er å sikre ein akuttkirurgisk dekning i regionen Sunnmøre og Sunnfjord. Avstandane til både Ålesund og Førde er for store, seier Amdam.
Hornindal og Stryn er ikkje avvisande
Ordførarane i Hornindal og Stryn avviser ikkje samanslåing.
– Ørsta-ordføraren er frå Senterpartiet, og er ærleg på at han har behov for å finne argument for å slå seg i lag. Han meiner bevaring av akuttfunksjonen er eit godt argument. Eg ser poenget, seier Stig Olav Lødemel (H) i Hornindal.
– Han har ei interessant tilnærming. Vi er i ein diskusjon om kommunesamanslåing. Her ser eg at vi har eit forhandlingskort. Viss dei er med på å legge kommunesenteret til Stryn, skal eg vere med å snakke om det, seier Sven Flo (H) i Stryn smilande.
Helseministeren vil ikkje endre grenser
Men Flo er tydeleg på at Stryn kommune ikkje vil endre føretaksgrenser no eller ta initiativ til det lokalt.
– Å flytte grenser utan å vite konsekvensen er eit sjansespel. Då veit vi ikkje korleis det vil sjå ut rundt oss. Diskusjonen er uaktuell for vår del, den må løftast opp på nasjonalt nivå. Vi veit ikkje konsekvensane og seier nei til det, seier Flo.
Helseminister Bent Høie (H) heller kaldt vatn i årene på dei som ønskjer at han skal sjå på pasientar frå Nordfjord som del av pasientgrunnlaget til Volda sjukehus. Det vil han ikkje.
Han seier også at det er uaktuelt å endre føretaksgrenser no.
– Det er ikkje aktuelt å endre grensa mellom Helse Førde og Helse Møre og Romsdal. Det er viktig å ikkje gjere endringar som undergrev sjukehusa i Førde, Nordfjord og Lærdal. Helse Førde må ha eit pasientgrunnlag som gjer at vi sikrar at dei kan vidareutvikle og trygge tilbodet der, seier Høie.