Vil at kommunestyret skal be Stortinget om å gjera om tvangsvedtaket

Leikanger Senterparti har ikkje gitt opp kampen om å få halda fram som eigen kommune. No håpar dei at Stortinget vil bryta opp samanslåing med Sogndal og Balestrand.

Ole Simen Nesdal

Gruppeleiar for Senterpartiet i Leikanger, Ole Simen Nesdal.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

2. november skal Leikanger kommune ha kommunestyremøte, og der vil Senterpartiet at dei ta stilling til om kommunestyret skal gå til Stortinget og be om at vedtaket om samanslåinga vert omgjort.

– Vi og mange andre på Leikanger er særs misfornøgd med tvangssamanslåinga. Vi ser no etter valet at det er ein annan samansetting på Stortinget og at det kanskje ikkje er fleirtal for bruk av tvang lengre. Då ønsker vi å ta opp ei sak i kommunestyret her, der vi vil at Stortinget skal gjera eit nytt vedtak der vi ikkje vert tvungne med, seier gruppeleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Ole Simen Nesdal.

Dette vart også varsla av Senterpartiet før valet, om det vart regjeringsskifte ville dei be Stortinget sjå på saka på nytt. Slik vart det ikkje, men likevel ønsker dei ein omkamp i Stortinget og har no starta dei formelle prosessen.

Ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd (Ap), var særs lite nøgd då fleirtalet gjekk inn for å slå saman dei tre kommunane Leikanger, Balestrand og Sogndal tidlegare i år.

Både kommunestyret og innbyggjarane i Leikanger har stemt nei til ei samanslåing tidlegare.

– Eg trur det er realistisk å få med kommunestyret på dette. Under folkeavstemminga i fjor var det over 60 prosent som ville at Leikanger skulle halda fram som eigen kommune og eg trur kommunestyret vil følgje folkeviljen, seier Nesdal.