Hopp til innhold

Vil at jerven skal yngle i Sogn

Norges Naturvernforbund vil ha yngling av jerv i indre Sogn. Dette vekkjer sterke reaksjonar hos bøndene.

Jerv
Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

- Vi har slit med dette i 10 beitesesongar. Viss det ikkje vert skotne fleire jervar no, vert det ein ny svart sommar for oss, hevdar leiar Arne Øvreås i Skjolden Sankelag.

- Kroken på døra

Og sommaren kan verte mørk for bøndene i indre Sogn dersom Naturvernforbundet får det som dei vil. I ei høyringsfråsegn til forvaltningsplanen for rovvilt seier Norges Naturvernforbund at dei vil ha yngling av jerv i heile region 1, som også omfattar heile Sogn og Fjordane. Dersom forslaget får gjennomslag på Stortinget fryktar Arne Øvreås at fleire bønder må leggje ned.

- Det betyr kroken på døra. Skal vi kunne halde fram må vi ha mindre jerv.  

Ifølgje Øvreås er det for mange jerv i indre Sogn. Dei to siste åra har det vorte felt åtte jervar, medan det er blitt utbetalt erstatning for 500 sauer som er tekne av jerv.

- Internasjonalt ansvar

Leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, vil følgje føre-var prinsippet og ynskjer yngling av jerv slik at ikkje stammen vert for liten.

- Vi ser eit sterkt press mot jervestamma i store deler av landet. Jerven er eit av dei store rovdyra som vi har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på.

- Forstår du ikkje at dette kan verte eit problem for dei lokale bøndene?  

- Jau, vi har forståing for dei konfliktane dette skaper. Men når storsamfunnet seier at vi skal ha ynglande rovdyr, då må storsamfunnet også ta kostnadene med dette, seier Haltbrekken.