NRK Meny

Vil at du samlar jervebæsj

Rovdata oppfordrar turfolket og andre som er ute i naturen i påska til å plukke med seg jervebæsj og levere den inn til Statens naturoppsyn. – Gjennom DNA-analysar kan vi finne ut om dyret er kjent frå før. Dette er viktig for å kartleggje bestanden, skriv Rovdata på nettsida si. For ei veke sidan filma to karar ein jerv i Luster. Prøvar frå denne er sendt inn til analyse.

Jerv i Luster
Foto: Eirik Hesjevoll Winge