NRK Meny
Normal

Vil at det skal vere gratis å ringe politiet

– Det bør ikkje koste pengar å ringe politiet, seier Jenny Klinge som sit i justiskomiteen på Stortinget for Senterpartiet.

Jenny Klinge

ØNSKJER ENDRING: Jenny Klinge (Sp) i justiskomiteen vil ha slutt på at det kostar pengar å ringe 02800.

Foto: Roar Halten / NRK

Tidlegare i dag fortalde NRK at det kostar frå ei til tre kroner i minuttet å ringe 02800, som er nummeret til politiet.

Dette vil Klinge ha ein slutt på.

– Det er heilt bak mål at folk som ringjer politiets nummer 02800 skal måtte betale dyrt for det. Målet er jo å unngå at folk som skal kontakte politiet ringjer naudnummeret 112 utan grunn, og då må ikkje prisen på nr 02800 vera avskrekkande, seier ho.

Naudnummera 110 (Brann), 112 (Politi) og 113 (Helse) er gratis å ringe, men ifølgje politiet kostar det mellom 0,99 og 2,99 kroner per starta minutt å ringe 02800. I tillegg kjem startprisen.

Politidirektoratet opplyser at 02800 er dyrare fordi tenesta automatisk dirigerer telefonen til eit sentralbord eller operasjonssentralen nærast innringar. I Bergen er stabssjef Gustav Landro godt kjend med problema. Han lovar betring.

Jenny Klinge seier EU har sørga for at det er ulovleg for private selskap å ha dyre spesialnummer, som desse femsifra telefonnumra.

– Det offentlege er ikkje omfatta av dei nye reglane, og kan halde fram med dyre nummer. Dette er eit sak der eg meiner norske myndigheiter må gå lenger enn EU. Vi må sørgje for at heller ikkje det offentlege har høge prisar på desse femsifra telefonnumra og andre spesialnummer.

Stortingsrepresentant Frida Melvær frå Høgre seier ho er uroa over utviklinga som har vore og tok i dag opp problema rundt 02800-nummeret til politiet.

– Eg snakka med statssekretær Tohr Sættem i Justisdepartementet i ettermiddag. Denne problemstillinga var ukjent, og han vil undersøkje saka nærare, seier ho.