Hopp til innhold

Vil at bønder må opp til eksamen for å ha husdyr

Norske bønder har for dårlege kunnskapar og må opp til eksamen for å kunne ha ansvar for husdyr. Dette meiner Live Kleveland, informasjonsansvarleg Dyrevernalliansen.

Eksamen for dyrehald

EKSAMEN: Dyrevernalliansen vil innføre eksamen for husdyrhald.

Foto: Bård Siem / NRK

Tal frå Mattilsynet viser at det er avdekt regelbrot i nesten annakvar norsk fjøs. Bøndene som ikkje greier eksamen, må finne seg noko anna å gjere, seier Kleveland.

– Då er det eit klart teikn på at ein ikkje bør halde husdyr.

Regelbrot hjå halvparten av dei kontrollerte

Av 5500 fjøsar som Mattilsynet inspiserte i fjor, vart det avdekt regelbrot i nesten halvparten av dei. Dette er alle typar regelbrot, frå brot av meir bagatellmessig art som til dømes mangelfullt utfylte skjema, til svært alvorleg saker som vanstell og dyretragediar.

Live Kleveland, juist Dyrevernalliansen

VIL HA EKSAMEN: Live Kleveland, informasjonsansvarleg Dyrevernalliansen.

Tidlegare i år vart 70 husdyr på to gardsbruk i Nordfjord tvangsslakta på grunn av vanstell. Statistikken frå Mattilsynet viser at bøndene treng meir kunnskap, seier Kleveland.

– Det er på høg tid at det blir stilt same krav til bønder som yrkesgruppe som det blir til alle andre yrkesgrupper.

Har kontroll i dag

Marit Flatjord, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, meiner dei aller fleste bønder tek seg av dyra sine på ein veldig god måte, og ser ingen grunn til å innføre krav eksamen for å kunne ha husdyr.

– Eg synest dei høyrest litt strengt ut.

Marit Flatjord

HAR KONTROLL: Marit Flatjord, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Sjølv om det i dag ikkje er formelle kompetansekrav, meiner Flatjord dei har bra kontroll gjennom "Kvalitetssystemet i Landbruket" og kontrollane til Mattilsynet.

– Då blir det avdekt, og bør bli avdekt om dyrehaldet ikkje fungerer slik det skal. Dersom systemet blir brukt slik det er tenkt, så er det godt nok i dag.

–Andre yrkesgrupper har utdanningskrav og eksamen, bør ikkje også bøndene ha det?

– Det er veldig mange bønder som har agronomutdanning frå tidlegare og har agronomutdanninga i botnen. Erfaring er i mange tilfelle like bra som utdanning.

Greitt med eksamen

Ole-Johnny Stubhaug er gardbrukar i Angedalen i Førde. Han har ikkje noko imot at det blir stilt strengare kompetansekrav til bøndene. Samstundes trur han ikkje dette vil føre til færre dyretragediar.

Ole Johnny Stubhaug

GREITT MED EKSAMEN: Gardbrukar Ole-Johnny Stubhaug

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det kan jo hende at ein må akseptere eit slikt krav. Dei som har drive med dyr ei stund trur eg ikkje vil ha problem med å klare ein eventuell eksamen. Eg trur ikkje ein kjem til å jage folk ut av næringa med eit slikt krav.

– Trur du det kan redusere faren for dyretragediar og vanstell?

– Eg trur vel eigentleg ikkje det. Eg trur at alle har den kunnskapen som trengst. Det er berre det at somme har personlege problem som gjer at dei ikkje orkar å gjere jobben som dei skal.

– Dersom ein ikkje er i stand til å lære seg heilt grunnleggande kunnskapar om dyrevelferd, då bør ein naturleg nok heller ikkje ha ansvar for dyr i kommersiell produksjon, seier Kleveland.