Hopp til innhold

Siktar seg inn på landskyttarstemne

Førde skyttarlag vil arrangere landskyttarstemne i 2017 og håpar dermed å auke interessa for skytesporten.

Skyting i Kråkenesmarka

FULLTREFFAR: Skyting i Kråkenesmarka.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Landskyttarstemne er ein måte å profilere seg på. Vi vil få eit skikkeleg storarrangement til Førde og gje eit utstillingsvindauge til skytesporten, seier leiar i Førde skyttarlag, Stein Mortensbakke.

Under årsmøte i Førde skyttarlag bestemte dei seg for å søkje om å få arrangere landskyttarstemne i 2017.

Landskyttarstemne er eit av dei største idrettsarrangementa i landet. I 2008 hadde Førde eit vellykka landskyttarstemne og håpar å kunne få til ein fulltreffar også i 2017.

– Landskyttarstemnet i 2008 er eit av dei beste landskyttarstemna som har vore. Vi håpar at også 2017 vil bli ein folkefest der vi får med heile fylket.

Vil auke interessa

Skyttarlaget håpar å få auka interessa for skytesporten og samstundes utnytte anlegget i Kråkenesmarka.

– For oss vil det bety at vi får oppretthalde ein stor arena i fylket, seier Mortensbakke.

Forventningane til arrangementet er allereie klare.

– Då håpar eg vi får gode skyteresultat, får heva sporten og samstundes mykje publikum og eit vellukka stemne, seier Mortensbakke.

Han håpar at sporten vil få stor merksemd i fylket og dermed auke interessa for skytesporten i Sogn og Fjordane.

Førde skyttarlag Stein Mortensbakke

LOVAR FOLKEFEST: Leiar i Førde skyttarlag, Stein Mortensbakke.

Foto: Privat

Konkurranse frå Voss

Sjølv om Førde Skyttarlag no søkjer om å arrangere stemnet, er det ikkje sikkert dei får det. Landskyttarstemnet vert lagt til vestlandet kvart 5. år og i fjor vart det arrangert på Voss.

Mortensbakke legg ikkje skjul på at han trur Voss Skyttarlag vil søkje nok ein gong.

– Vi veit ganske sikkert at Voss kjem til å søkje igjen. Dei har sett opp ein veldig flott arena og vert ein av hovudkonkurrentane til å få stemnet.

Mykje jobb

– For skyttarlaget vil det bli enormt mykje jobb, men vi samarbeider med skyttarlag i nærområdet, med kommune og fylket for å få dette til, understrekar Mortensbakke.

Arrangementet vil gje mellom 12 000 og 15 000 tilreisande og nesten 5000 deltakarar som vil vere her i over ei veke. Noko Mortensbakke meiner vil vere positivt for næringslivet.

– Vi lovar ein folkefest og satsar på at resten av fylket stiller opp og arbeider i lag for å få til eit verkeleg godt stemne der alle får ei fin oppleving, seier han.