NRK Meny
Normal

Vil anke dom i Vest Tank-saka

Rådgjevar Karl-Jan Erstad ankar dommen i Vest Tank-saka til lagmannsretten.

Eksplosjon Sløvåg

ETTERSPEL: Eksplosjonen i Sløvåg i 2007 har i lengre tid versert i rettssystemet. No ankar alle dei tre dømde dommane sine frå Nordhordland tingrett.

Foto: Kåre Ness

- Vi har ikkje fått noko svar på kvifor det eksploderte i Sløvåg, og då er det også vanskeleg å finne ut kven det er sin feil, seier advokatfullmektig Torbjørn Kolås til Firda.

Fekk 45 dagars fengsel

Han er forsvarar for Erstad, og karakteriserer dommen som ei pyntestraff.

Saman med tidlegare dagleg leiar Jostein Berland og tidlegare styreleiar Trond Emblem er Erstad dømd for miljøkriminalitet i samband med eksplosjonen og brannen i Vest Tank-anlegget i Sløvåg i 2007.

Erstad vart dømd til 45 dagar i fengsel på vilkår.

Skuffa over retten

Forsvararen er skuffa og forundra over at retten ikkje i større grad tek stilling til årsaka til eksplosjonen.

- Vi veit enno ikkje kva som var i lasten på båtane frå Trafigura, seier Kolås til Firda.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast