Hopp til innhold

Arve (71) har funne draumesporten

EID (NRK): Det har gått fem månadar sidan Arve Inge Dahl blei hjarteoperert. No vil han og resten av Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke samle fleire til hesteskogolf og hesteskokasting.

Hesteskokasting

GODT FOR HELSA. Arve Inge Dahl gler seg til å drive sport i lag med fleire hjartepasientar frå april.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Eg byrja å kaste hestesko i april og eg elskar det, seier Dahl.

Det var ei krevjande tid for 71-åringen etter hjarteoperasjonen i juni, men berre to månadar etter operasjonen fann han fellesskap i hesteskogolf-miljøet.

– Det er ikkje alltid lett for meg og andre pasientar som har vore hjarte- og lungeoperert å vere veldig fysisk aktive. Hesteskogolf er ein sport som krev meir psykisk konsentrasjon enn fysisk. Difor er det enklare å vere med på enn for eksempel fotball, seier han.

Hestesko

PÅ GRUSBANA. Det er på grusbana på Eid i Nordfjord at LHL skal starte samarbeidet med MiNo Hesteskoklubb.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Det er MiNo Hesteskoklubb i Nordfjord som står for denne sporten og med fleire Noregsmeistrar i forskjellige hestesko-greiner i klubben kjenner Dahl på presset. Men han let seg ikkje skremme.

Nøye oppmålingar

NØYE MÅLINGAR. Sjølv om dei kastar fordi det er gøy er det viktig å vere nøye med målingane.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Det er mange gode her men dei proffe er inkluderande mot alle, fortel han.

Og det skal ikkje stå på ambisjonane.

– Eg må jo prøve å vinne neste år. Tenk deg ein hjartepasient på min alder som vinn eit NM, flirer han.

Hestesko

FOR ALLE. 71-åringen seier at alle som kjem for å kaste hestesko blir godt motteke.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Hjarteleg samarbeid frå april

LHL skal starte eit organisert samarbeid mellom hjarte- og lungepasientar og hesteskoklubben frå april. Det vil bli hesteskokasting og hesteskogolf på Eid, Stryn, Sandane og Hornindal.

Hesteskogolf

PLANLEGGINGSBUA. Irene Vedvik (i midten) planlegg samarbeidet i bua til MiNo saman med Helga Taklo (t.v.) i LHL og Synnøve Fagerstrand (t.h) som er formann i MiNo Hesteskoklubb.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Dette er ein aktivitet som passar for denne pasientgruppa og difor har me bedt hesteskoklubben om eit samarbeid. Vi ynskjer å få folk opp av sofaen og ut for å møte andre i same situasjon, seier Irene Vedvik.

Vedvik er nestleiar i Eid LHL og håpar fleire lokallag i landet vil følgje etter.

– Vi vil ha med alle i alle aldrar, anten det er hjarteopererte eller astmatikarar. Ein treng ikkje ha superkondis for å vere med her. Eg håpar fleire i landet vil oppdage denne typen aktivitet og oppdage kor artig det er, seier ho.

LHL har fått 30.000 frå ExtraStiftelsen og Vedvik meiner det er ei stadfesting på at dette er eit viktig tiltak.

Hestesko

SKAL KASTE. Både Synnøve Fagerstrand, Helga Taklo og Irene Vedvik som står i bresjen for samarbeidet skal vere med å kaste i april. Fagerstrand har vunne NM i hesteskokast heile 9 gonger.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Eg er takksam for støtta vi har fått og dette gjer at vi har moglegheit til å kjøpe inn meir utstyr for at fleire skal kunne delta, fortel Vedvik.

Viktige aktivitetar

Jan-Ole Hesselberg er psykolog og leiande fagsjef for ExtraStiftelsen og seier slike tiltak er ekstra viktige å støtte.

Jan Ole Hesselberg

VIKTIG. Fagsjef Jan-Ole Hesselberg meiner det er ekstra viktig å støtte tiltak som LHL har søkt om.

Foto: Tankesmed.no

– Denne summen bidreg forhåpentlegvis til at fleire personar med hjarte- og lungevanskar kjem seg ut og blir aktivisert. Det er ein av dei mange gode grunnane til at vi har ynskt å støtte dette prosjektet, seier Hesselberg.

– Vi gir pengar til prosjekt som stimulerer frivilligheit. Det skal ikkje så mykje midlar til for eit lokallag som dette til å auke tilbodet sitt betrakteleg, avsluttar Hesselberg.