Hopp til innhold

Framtidig storkommune kan blåse liv i gamle fusjonsplanar

Viktige arbeidsplassar i kraftselskap kan komme på spel i ein storkommune.

Sunnfjord energi og Sogn og Fjordane energi

UVISST: Ei ny storkommune vil kontrollere Sunnfjord Energi og nær 10 prosent av Sogn og Fjordane Energi, der Fylkeskommunen i tillegg eig 48 prosent av aksjane. Fylkeskommunen si framtid kan på sikt vere usikker, då trur fleire at kommunane i fylket vil ta over aksjane.

Foto: Fotomontasje / NRK

Eit eventuelt «storsunnfjord», med Gloppen, Flora og Førde, vil ha eigarskap i både Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi.

Førebels kan ingen i dag seie om det igjen kan aktualisere ein kraftfusjon mellom dei to, det har heller ikkje vore tema i drøftingane til no om ei samanslåing av kommunar kan få følgjer for framtida til dei to selskapa, eller kor jobbar skal vere lokalisert.

– Det har ikkje vore noko spesielt stor del av kommunesamanslåingsdebatten, men er absolutt moment som vil telje med for Gloppen, seier Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp).

– Må ta omsyn til SFE

Anders Ryssdal

AVKLARING: Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp) kan ikkje seie noko om korleis Gloppen vil få saka på bordet. – Det må gjerast nokre steg, men har ikkje vore drøfta, seier Ryssdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fusjonsdebatten rulla for fullt i 2006, men krangel om hovudkontoret mellom Førde og Sandane gjorde at planane stranda. Den pågåande debatten om kommunegrensene kan få betydning for kven som kontrollerer dei viktige kraftselskapa.

Ryssdal trur det vil vere avgjerande for Gloppen å sikre dei kring 260 arbeidsplassane i SFE om ein kommune skal bli aktuelt.

– Vi har ein stor arbeidsplass som heiter SFE og det må vi ta omsyn til, seier han.

Framtida er uviss

I Førde er ordførar Olve Grotle (H) skeptisk til å lage avtalar om framtida til dei to kraftselskapa. Han meiner ein bør kunne lite på at det i framtida vil vere rausheit mellom kommunane.

Olve Grotle

SKEPTISK: Førde-ordførar Olve Grotle (H) meiner ein skal vere varsam med å meisle for mange ting inn i ein intensjonsavtale. – Rett og slett fordi ingen kjenner framtida.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Ein ny storkommune vil sjølvsagt sjå det som ein fordel at ein har ulike arbeidsplassar og kompetansemiljø ulike stadar i kommunen. Utgangspunktet er å gjere dette for å samle alle gode krefter, planleggje betre og stå sterkare – ikkje minst overfor sentrale styresmakter, seier han.

– Kan flotte ord i 2015 vere like gyldige i 2025 og 2035?

– Eg er trygg på at dei som kjem etter oss som styrer i dag vil gjere gode, fornuftige val.

Samlar verdiane

Ein eventuell storkommune vil ta over verdiane som dei tidlegare kommunane rår over. Ap-politikar og ordførarkandidat i Hyllestad, Harry Mowatt, er styreleiar i Sunnfjord Energi.

Harry Mowatt

STYRELEIAR: Harry Mowatt er både ordførarkandidat for Ap i Hyllestad og styreleiar i Sunnfjord Energi.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Han er samd med Grotle i at det er vanskeleg å lage avtalar på førehand om kva som skal skje med dei viktige selskapa.

– Spørsmålet er kor slitesterke den type avtalar vil vere i lengde. Dette er eigentleg politisk diskusjon og den kan berre skje i Gloppen, og ikkje mange andre stadar, seier han.

– Hadde det vore attraktivt om ein storkommune vart ein storaksjonær innanfor kraftfeltet i to ulike selskap?

– Ja, det er klart. Alle verdiar som gir inntekt er interessante for ein kvar kommune, og det vil det heilt sikkert vere for den nye storkommunen. Det trur eg er opplagt at ein vil sjå positivt på.