Hopp til innhold

Viktig trepoenger til Sogndal

Sogndal kunne sundag kveld reise heim med tre poeng i bagasjen etter møtet med Sarpsborg 08. Det er sju år sidan sist dei greidde det.

sogndal
Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

37 minutt ut i første omgang scora Sidy Sagna målet som avgjorde kampen. Etter to kampar utan poeng gjer sigeren i Sarspborg godt for moralen i laget, seier assistentrenar Tom Mangersnes.

– Dette var veldig viktig både i forhold til at vi no har hatt to kampar på rad der vi ikkje har fått poeng, samstundes som det har tetta seg til rundt oss på tabellen, Og ikkje minst i forhold til vår eiga utvikling var det viktig å kome tilbake på eit vinnaspor.

Vanskeleg motstandar

Før kampen sundag var det Sarpsborg som hadde statistikken på si side. På 13 kampar hadde Sogndal berre vunne to, og sist det skjedde på bortebane var i 2006.

– Eg var der ikkje i 2006, og eg trur ikkje så mange av spelarane var det heller. Sarpsborg er eit bra lag. Dei torer å spele ein type fotball som veldig få andre i tippeligaen gjer, seier Mangersnes.

Men sundag gjekk det Sogndal sin veg. Sogndølene har hatt fleire kampar denne sesongen der dei har leia i første omgang, men gitt frå seg sigeren i andre omgang. Denne gongen heldt det heilt til mål.

– Vi har bra kontroll i 1. omgang. Så klarar vi å halde det også inn i 2. omgang. Vi har nokre bortekampar og seinast no sist heime der vi har leia til pause, kome ut i andre omgang og mista både kampen og poenga.

– Det unngjekk vi sundag, sjølv om det var på nippet fordi vi starta veldig slurvete i andre omgang. Vi klarer å få ridd det av og låst kampen. Det var veldig viktig for sjølvtilliten til gruppa at vi etter å ha leia 1-0 i første omgang faktisk klarde å ta tre poeng til slutt.

Komande helg møter Sogndal Viking heime på Fosshaugane.