NRK Meny
Normal

«No får eg nyte utsikten to gonger»

Den viktige fylkesveg 613 på Blakset i Stryn er stengd fram til 2. juli. Folk på Nordsida i Stryn er med det utan vegsamband til kommunesenteret til vegen er klar.

Salve Røyrhus, Øystein Heimseter og Jørn Hilde

Maskinførar Salve Røyrhus, byggjeleiar Øystein Heimseter frå Statens vegvesen og Jørn Hilde frå HS Bygg jobbar hardt med å få klar fylkesveg 613 over Steindøla ved Blakset til 2. juli.

Foto: Harald Kolseth / NRK

All biltrafikk må difor gå vestover via panoramavegen.

Det var det ikkje alle som hadde fått med seg. Etter kort tid på staden kom ein engelsktalande som heitte Craig.

– Eg er litt overraska, for det var ingen skilt her som vi kunne lese. Men jobben må gjerast, så det forstår vi.

Han kom frå Lote, og måtte ta dei 25 kilometrane tilbake og tilbake til Eid, for å kome til Stryn. Det var faktisk hotellet deira som anbefalte turen, på grunn av den flotte utsikta.

– Føler vi har informert godt

Årsaka til stengingane er bygging av ny bru, etter dei store dei store flaumskadane sumaren 2011.

Ei gamal, provisorisk brua som vart bygd over elva Steindøla etter flaumen, vart fjerna i løpet av 20 timar i helga.

Den andre juli opnar vegen att. Byggjeleiar Øystein Heimsæter frå Statens vegvesen tykkjer det er synd om folk ikkje får med seg at det er stengd, men meiner dei har informert godt nok.

– Vi føler vi har skilta ganske bra. På Lote og på stryne-sida står skilt både på engelsk og norsk med at vegen er stengd og kor mange kilometer det er, seier Heimæter.

Dei har også informert i lokalavisa.

– Dette er eit av dei første tilfella vi har hatt av at folk har kome heilt inn hit utan å vite at vegen ikkje er open. Men vi får vurdere om vi må gjere fleire tiltak, seier byggjeleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Craig

HUMØR: Den engelske turisten Craig tok det med godt humør då han møtte stengd veg, og måtte køyre nokre mil ekstra.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Skjønar at lokalbefolkninga er uroa

Deler av den nye vegen er allereie på plass.

– Bygginga går bra. Vi har førebudd oss godt. Vi har støypt ein støttemur nedstraums. No skal vi montere eit røyr, og så er det å fylle med vanleg masse, seier Jørn Hilde i HS Bygg.

Heimsæter i Statens vegvesen seier dei tek sikte på å halde planen om å opne 2 juli.

– Det er nøye planlagd. Vi har sjølvsagt ikkje kontroll på det uventa, men til no har alt gått etter planen.

Heimsæter har sjølv berre sett bilete av korleis det såg ut under flaumen, men seier han såg kor alvorleg det var.

– Så eg kan godt skjøne at lokalbefolkninga er uroa for korleis dette vert i framtida. Men eg trur vi har funne ei god løysing her, som vil ta unna eventuelle nye flaumar.

Har fått reaksjonar på stenginga

Vegen er altså no stengd midt på sumaren, når turistflaumen skal kome i begge retningar. Det overraska Craig som måtte snu, men det er fleire grunnar til at perioden mellom 20. juni og 2. juli vart vald, fortel Heimsæter.

– Vi har lyst ut dette prosjektet før, og dei konkurransane vart avlyste. Då enda det med at vi nærma oss sumaren. 20. juni valde vi på grunn av transport av skuleelevar, som fekk sumarferie den dagen.

– Har de fått mange reaksjonar?

– Ja, alle vegar er viktige, så vi forstår at det kjem reaksjonar på at vi stenger. Men skal vi få ein god veg her, må vi stenge. Vi har gjort veldig mykje førebuande arbeid, så vi har klart å avgrense stengjetida til 12 dagar, seier byggjeleiaren og held fram.

– Viss det vert klart, og tryggleiken er god nok, kan vi opne tidlegare enn 2. juli.

Vil unngå farlege situasjonar

Maskinførar Salve Røyrhus seier sjølve arbeidet er plankekøyring.

Det som kan vere problemet er å halde unna trafikken og passe på at lastebilane kjem gjennom. Anleggsområdet er stengd både for gåande og køyrande.

– Dersom publikum forstår at vi må ha litt plass for å verte ferdige i tide, hadde det vore veldig bra. Dei må halde seg unna for å unngå farlege situasjonar. Og det ser veldig lovande ut så langt, seier Røyrhus.

Og Craig seier den første turen til Noreg har vore flott. Han er like nøgd med turen, til trass for litt ekstra køyring.

– Utsikta har vore vakker. No får eg sjå det ein gong til på panoramavegen på veg tilbake, ler turisten.