NRK Meny
Normal

Viktig å ha fokus på rusmiljøet i Sogndal

– Sjølv om narkotikamiljøet i Sogndal er lite, er det viktig å ha fokus på det. Det seier ordførar Jarl Aarvoll (Ap).

Jarle Aarvoll

LITE MILJØ: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I samband med etterforskinga av dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet, er politiet i Sogndal i ferd med å rulle opp eit narkotikamiljø i Sogn. Til no har politiet avhøyrt over 70 vitne, enkelte fleire gonger. Ein person er varetektsfengsla fram til julaftan etter at politiet fann ein kilo med marihuana heime hjå mannen. Også fleire andre personar er arresterte.

– Vi har hatt ei ungdomsundersøking som blant anna tok for seg narkotika og ulike rusmiddel. Den syner at, for å ha så mykje ungdom som vi har i Sogndal, så var miljøet forholdsvis lite og det er lite nyrekruttering, seier ordførar Jarle Aarvoll.

Lite miljø

Aarvoll er oppteken av sjølv om miljøet er lite så må kommunen gjere sitt beste for at det skal bli mindre. Astri Riiber som er tenesteleiar for helse og omsorg i Sogndal, og har ansvar for rusarbeidet i kommunen. Ho tykkjer det som har kome fram i samband med etterforskinga er trist.

– Eg trur vi alle saman er uroa for slikt. Vi ynskjer at ein slik problematikk skal vere så liten som mogleg, uansett om ein er i ein liten eller stor kommune.

Riiber understrekar at dei ikkje driv oppsøkande verksemd, men tar seg av dei som sjølve oppsøker hjelp.

Ikkje oppsøkande verksemd

– Vi kunne sikkert ynskt oss det på ein anna måte, men vi må forhalde oss til det som er realitetane. Vi prøver å gi så konstruktiv hjelp og støtte som vi kan når det er snakk om nokon som ynskjer det tiltaket frå oss.

– Vi har eitt rusteam som jobbar godt og som jobbar kanskje litt utradisjonelt for å nå brukarane. Det er kjempeviktig. For skal vi hjelpe dei, så er det forferdeleg viktig at vi skaper gode relasjonar, slik at dei er mottakelege for den hjelpa som vi ynskjer å gi.

– Er det noko ein kan gjere for å få bukt med denne typen miljø- og problem?

– Eg er ikkje så sikker på om at eg kan gi deg eit godt svar på det, for som eg sa vi tar inn dei som ynskjer hjelp frå oss. Vi kan ikkje gjere noko anna enn å ha eit godt tilbod.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast