Hopp til innhold

Viksdalen skule best i landet

Viksdalen skule har dei beste elevane i landet.

Avgangselevane ved Viksdalen skule i Gaular hadde i fjor det høgaste karaktersnittet i landet, syner ei oversikt VG har laga.

Med eit karaktergjennomsnitt på 5,1 ligg skulen på ein suveren fyrsteplass.

Så mange som fem av skulane blant dei 14 beste på lista er i Sogn og Fjordane.