Hopp til innhold

- Tunnel gjennom Vikafjellet er aktualisert etter ras over E39

– Dagens situasjon viser behovet raskare oppstart for tunnelen gjennom Vikafjellet, meiner høgrepolitikaren Morten Midlang.

Snøraset på E39 i Romarheimsdalen

OMKØYRING: Raset som sperrar E39 gjennom Romarheimsdalen aktualiserer igjen ein tunnel gjennom Vikafjellet, meiner høgrepolitikar.

Foto: Marie Furhovden / NRK

– Heile Sogn og Fjordane bør forstå at vi treng ein tunnel gjennom Vikafjellet. Vi treng 14,5 km frå Bødalen til Hola, seier høgrepolitikaren Morten Midlang frå Vik.

Morten Midlang

TRENG VIKAFJELLET: Brannen i Gudvangatunnelen og med Romarheimsdalen stengt etter ras viser at det er behov for omkøyring også via Vikafjellet, meiner Morten Midlang (H).

Foto: Privat

Romarheimsdalen er stengt på halvanna døgnet etter at eit stort snøskred gjekk over E39 søndag kveld. 11 personar var i fire bilar som vart tekne av raset, men til alt hell kom alle frå det utan større skader.

– Fornuftig og geografisk rett

Med hovudfartsåra på Vestlandet stengt og tilrådd omkøyring frå Statens vegvesen er via Dale, Voss og til Lærdal, så meiner Midlang at debatten om framskundinga av oppstart på ein tunnel gjennom Vikafjellet aktualisert.

– Det er berre å sjå på kartet, det er fornuftig å ta trafikk over Vikafjellet som ein alternativ omkøyringsveg.

Vikafjellstunnelen kom med i Nasjonal transportplan med 100 millionar kroner til oppstart i perioden 2018–2023. Men vikjene gav seg ikkje med det og ville ha oppstart i 2018. I valkampen lova Frp-politikar Bård Hoksrud oppstart i 2018, men etter å ha blitt statssekretær i Samferdsledepartementet måtte han vedgå at det vart vanskeleg.

Gudvangabrannen nok eit døme

Som nok eit døme på at Vikafjellet er fornuftig som omkøyringsveg viser han til brannen i Gudvangatunnelen som stengde E16 i fleire veker, og trafikken over Vikafjellet auka betydeleg.

– Trafikken over Vikafjellet vart tredobla dei døgna tunnelen var stengt. Det er logisk dersom ein ser på kartet. Dessutan ville det vere fornuftig at ein tok ein del av trafikken inn til fylket på midten og ikkje berre i utkanten av fylket, seier Midlang.

Må samle politiske krefter

Det er usikkert kva tid vegen vert opna. Det er også usikkert kva som vil skje med rassikring av Romarheimsdalen.

Høgrepolitikaren vil uansett jobbe vidare for fortgang i planane om ein tunnel gjennom Vikafjellet.

– Vi må påverke i alle leirar for å få fleirtal. Men dette er noko Høgre vil. Eg trur vi har ein del stortingspolitikarar med oss – spesielt Bjørn Lødemel (H) har hatt eit stort engasjement for saka, seier Morten Midlang.