Hopp til innhold

Vikjene krev at regjeringa held valløftet

Vikjene ventar at regjeringspartia følgjer opp tunnellovnadane frå valkampen. – 2018 er siste frist for å behalde truverdet, seier fungerande ordførar, Olav Turvoll (Sp).

Olav Turvoll

FORVENTAR: Fungerande ordførar i Vik, Olav Turvoll (Sp), ventar at regjeringspartia følgjer opp lovnaden om Vikafjellstunnelen. – Han vil ikkje berre gagne vikjene, men heile Sogn, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkeslaga til Høgre og Framstegspartiet møter i dag samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og resten av den politiske leiinga i Samferdsledepartementet.

I Vik har Olav Turvoll og sambygdingane klare forventingar til møtet. Stikkordet er Vikafjellstunnel.

– Planane ligg nesten klare, og vi meiner dei bør få dette i gang i løpet av denne NTP-perioden, seier Turvoll, som fungerer som ordførar for ein ferierande Marta Finden Halset (Ap).

– Truverd står på spel

Begge regjeringspartia har lova å flytte oppstarten fram til første planperiode av Nasjonal transportplan (NTP) – altså før 2018. Under sist valkamp kom dåverande samferdslepolitisk talsperson i Frp, Bård Hoksrud, med ein av dei mest tydelege lovnadane.

Hoksrud, som i dag er statssekretær, meinte det ikkje var noko i vegen for å starte bygginga i 2014–2015.

– Truverdet hans står på spel. Vi ventar at det er hald i det som blir sagt før eit val, seier Turvoll.

– Viktig for Sogn

Tunnelen på 16 kilometer vil venteleg koste mellom ein og to milliardar kroner. Fjellovergangen var førre vinter stengd i over 1.000 timar. Også i vinter har fjellovergangen vore hyppig stengd. Han er framleis ikkje open etter at han vart stengd før helga.

Ein tunnel vil sikre heilårssamband mellom Vik og Voss.

– Vik er avhengig av å få tunnelen, men det blir også ei viktig ferdsleåre for heile Sogn. Når noko skjer, så har ein omkøyringsmoglegheit som ein ikkje har i dag, seier Turvoll.

Tek opp utfordringar

Arve Mjømen

I MØTE: Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, seier det ikkje er lagt opp til dialog under møtet med samferdsleministeren.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, lovar at Vikafjellstunnelen er blant samferdsletiltaka utsendingane frå Sogn og Fjordane vil ta opp med statsråden under det timelange møtet.

Det same gjer forfallet på vegnettet, E39, Kystvegen og ferjeavløysingsmidlar. Fylkeslaga til regjeringspartia har også bede samarbeidspartia Venstre og KrF om innspel.

– Vi meiner det er viktig for Sogn og Fjordane fylke å få belyst kva vi slit med av utfordringar på vegsida, og har med oss vegproblem og utbetringar som vi ynskjer å gjere noko med, seier Mjømen.