Hopp til innhold

Vikjene held døra på gløtt for Voss

VIK (NRK): Folket i Vik sa nei til storkommune med Voss. Det gjer òg politikarane, men seier samstundes ja til å vurdera samanslåing seinare – dersom Vikafjellstunnelen blir bygd.

Roy Egil Stadheim

TYDELEG SIGNAL TIL STORTINGET: – Viss fleirtalet i Frp, Høgre og KrF gjer det dei har lova, nemleg vedta byggjestart i fyrste NTP-periode, kan me ta kommunesamanslåingssaka opp på nytt, seier fungerande ordførar Roy Egil Stadheim (Ap).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me tek til følgje fleirtalet i folkerøystinga, samstundes som me held døra på gløtt for ei ny vurdering av kommunesamanslåing dersom Regjeringa held det dei har lova om Vikafjellstunnelen, seier fungerande Vik-ordførar Roy Egil Stadheim (Ap).

Kommunereformvedtak i Vik

HISTORISK VEDTAK: Eit fleirtal på tolv i kommunestyret i Vik sa torsdag nei til ein storkommune med Voss no, men opnar samstundes for å vurdera kommunesamanslåing seinare – viss Regjeringa fremjar Vikafjellstunnelen i fyrste fireårsperiode i Nasjonal transportplan. Fem representantar røysta derimot ja til storkommune – Høgre, KrF og ein utbrytar i både Sp og Ap.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Både kommunereforma og Nasjonal transportplan skal vedtakast i Stortinget på førsommaren 2017, og strategien til vikjene er at stortingspolitikarane skal sjå desse sakene i samanheng, og at kommunereforma kan vera ei brekkstong for å få ein etterlengta tunnel gjennom det vêrutsette Vikafjellet.

– Eit bakoverlent vedtak

– Dette er eit altfor bakoverlent vedtak, som seier at Vik vil vurdera kommunesamanslåing viss Vikjafjellstunnelen kjem med i Nasjonal transportplan (NTP) neste år. Men det at fem røysta for samanslåing no, er òg eit signal til stortingspolitikarane, seier Gunn Randi Bjørnevoll (KrF).

Gunn Randi Bjørnevoll

MEIR ENN NTP: – Ei samanslåing med Voss vil gi større fagmiljø, betre grunnlag for næringsutvikling, ein ny bu- og arbeidsmarknad, i tillegg til at Vik kjem nærare veksten i bergensområdet, seier Gunn Randi Bjørnevoll (KrF)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Bjørnevoll var éin av fem representantar – to i Høgre, samt éin utbrytar i Sp og éin i Ap, som røysta for tilrådinga til rådmann Oddbjørn Ese:

Ese meiner det beste for Vik er ei samanslåing med Voss og eventuelt Aurland og Granvin kommunar no. Føresetnaden er at Vikafjellstunnelen blir bygd med oppstartsløyving i den fyrste del av planperioden for NTP 2018–29. Skjer ikkje det, meiner rådmannen at Vik skal halda fram som eigen kommune.

Rådmann Oddbjørn Ese

OPPGIDD: – De politikarar har ikkje teke debatten om Vik sine utfordringar i framtida i handsaminga av kommunereforma. Det er for dårleg, sa rådmann Oddbjørn Ese til kommunestyret.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Meir enn NTP

Ese kritiserte fleirtalsvedtaket for å handla for einsidig om NTP og tunnelkamp:

– Tolv gonger har de drøfta kommunereforma i kommunestyret. Men diskusjonen om utfordringane til Vik kommune har vore fråverande, sa Ese, som tidlegare har åtvara sterkt mot åleinegang.

Fleire representantar tok til motmæle mot merknadane frå rådmannen:

– Det er skuffande å høyra at eg ikkje har gjort jobben min, sa Morten Holmberg (V) og dunka ein tjukk dokumentbunke i talarstolen, som eit signal på kor grundig dei folkevalde hadde sett seg inn i kommunereformsaka.

Morten Holmberg

MÅ IKKJE SVARTMÅLA ÅLEINEGANG: – I staden for at administrasjonen kritiserer politikarane, kan dei gå i seg sjølv. Det er viktig at administrasjon har tru på Vik si framtid, sa Morten Holmberg (V)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Strid om folkerøystinga

Eit klart fleirtal av innbyggjarane i Vik sa nei til kommunesamanslåing i folkerøystinga 23. mai, men i argumentasjonen for ei samanslåing problematiserte Høgre-politikar Morten Midlang folkerøystinga og la vekt på at ho berre var rådgivande:

– Folkerøystinga er ingen fasit og representerer ikkje heile kommunen.

– Det er ei arrogant og nedlatande haldning, og du snakkar ned folk sine meiningar, repliserte Jarle Christensen (Ap).

– Høgre si haldning er skremmande. Det Midlang seier her er at folk flest ikkje veit sitt eige beste, sa Marianne Bøthun (Sp).

Laster innhold, vennligst vent..