NRK Meny
Normal

Slik feirar vikjene den helsefremjande osten

VIK (NRK): Mange festivalar kjem og går, men nokre består - som Gamalostfestivalen. I helga feirer vikjene den magre osten for 21. gong.

Erling Stadheim og gamalost

GAMALOSTFESTIVAL: - Me ønskjer å markera det flotte produktet gamalosten er, seier festivalgeneral Erling Stadheim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me er stolte av at Vik har det einaste gamalostysteriet i verda, seier festivalgeneral Erling Stadheim.

I festivallandet Norge finst eit mylder av festivalar. Medan mange forsvinn etter nokre år, held nokre stand. Gamalostfestivalen i Vik er ein av dei.

Ei forklaring kan vera at eit vidt spekter av lag og organisasjonar, eldsjeler og skuleungar har stått bak feiringa av den magre, sunne osten sidan oppstarten midt på 1990-talet.

Tine Meieriet Vest i Vik

VERDAS EINASTE GAMALOSTYSTERI: Vik meieri leiar den ferske muggosten som har røter tilbake til vikingtida.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Guhaugspelet

I kveldssola torsdag kveld slo høgtidelege hornsignal an tonen for årets festival - og for eit litt annleis historisk spel. Med kyrkjebakken framføre Hove steinkyrkje som scene tok 7. klassingane ved Flatbygdi skule publikum med 1500 år tilbake i tid, til 500-talet då det truleg levde ein rik hovding Gue på Hove i Vik.

«Guhaugspelet», som hadde premiere i fjor, er ei dramatisert forteljing om fleire historiske hendingar i Vik frå den mektige mannen på 500-talet og fram til våre dagar.

– Ein lokal kunstnar - Jens Brekke - har skrive stykket, og skuleelevar er skodespelarar, så dette er eit spel med heilt lokalt opphav og framføring, seier Stadheim.

Det vart servert gamalost, og anna tradisjonsrik ost til frukost

POPULÆR ØYRI-BISK: Laurdag morgon blir det servert gamalostfrukost utanfor kommunehuset i Vik sentrum.

Foto: Kjell A. Vikestad

Umami

Det er ikkje utan grunn at Vik har spesialisert seg på gamalostproduksjon. Éi av dei som meistra kunsten å laga gamalost, var nemleg bondekona Brita Ligtvor frå Vik.

Ligtvor hadde vunne sølvmedalje for osten sin på ei landbruksutstilling i Bergen i 1909, og etterpå starta ho like godt «gamalostskule» for unge jenter heime på garden.

Ein fersk gamalost kan beskrivast som søtleg bitter. Men etter tre-fire veker i kjøleskåpet, går han meir og meir over til å smaka umami.

Umami betyr «god smak» på japansk og er den femte smaken ved sidan av surt, søtt, salt og bittert. Umami, som gamalosten har mykje av, hevar fram andre smakar - og er ein smak asiatiske kokkar er opptekne.

Og nettopp umami er tema på eit seminar fredag med Rigmor Johnsen, mangeårig kulturattache ved den norske ambassaden i Beijing. Tilskipinga, i regi av Vik kvinne- og familielag, stiller spørsmålet om ny innsikt om umami kan gjera bruken av gamalost endå meir spennande.

Born og unge

Som i Guhaugspelet, står ungane i sentrum når i Vik barnehage denne veka har lært om korleis gamalosten blir laga.

Brita Sissel Turvoll

TIDLEG KRØKAST: Ungane i Vik barnehage let ikkje seg skremma av den søtleg-bitre smaken på gamalosten, her frå temaveka i fjor.

Foto: Noralv Pedersen
  • Høyr borna i Vik barnehage syngja «Gamalostvise» av Ottar Wiik:

Sentralt står også mange unge for eit nytt skot på det rotfesta festivaltreet i Vik:

Søndag er det nemleg premiere på «Jambo», ei familieførestilling som byr på afrikansk-inspirert musikk, dans og teater. Fleire titals song- og dramaelevar frå kulturskulen, Vik blandakor, og korpsa i Fresvik, Vik og Feios tek del.

– Det ser me skikkeleg fram til, seier Stadheim.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser