Hopp til innhold

Vikje utteken på fotballandslaget

Gustav Valsvik vart måndag teken ut på Knut Torbjørn Eggen sitt G16-landslag.

Gustav Valsvik

Gustav Valsvik

Foto: Privat

Den unge vikjen skal vere med landslaget til Tyrkia der dei deltek på Aegean Cup, saman med Hellas, Hviterussland og vertsnasjonen.

- Det er stort, jublar fylket sin siste landslagsspelar i fotball.

Håpar på sjansen

Gustav Valsvik vart orientert om landslagsuttaket etter skulen måndag. Med andre ord ein god start på det nye året for den talentfulle fotballspelaren. Turneringa går av stabelen i slutten av januar.

- Eg reknar ikkje med å få spele så mykje frå start, men håpar og trur at eg kanskje får prøve meg. Eg er ny i troppen, og det er mange som har vore med lenger enn meg, seier den talentfulle 16-åringen som enn så lenge har planar om å bli verande i Vik. Aalesunds FK har vist interesse for Valsvik.

Sterk sesong for Vik

Det heile byrja i fjor sommar med forbundssamling i Porsgrunn. Ein sesong der han også var med på å føre Vik til 3. divisjon. Midtstopparen med Liverpool som favorittlag fekk med seg samtlege 22 seriekampar og noterte seg for 13 mål i opprykkssesongen. Han vart også kåra til årets unge spelar i Vik.

Han har i tillegg spela treningskampar for Sogndal sitt juniorlag mot Fjøra. Spelarutviklar i Sogndal, Torbjørn Glomnes, har i tillegg følgd opp 16-åringen.

Andre på landslaget

Valsvik blir den andre vikjen på eit fotballandslag. I tillegg har spelande trenar i Vik, Stig Roar Hovland, fått fleire landskampar med innandørslandslaget.