Hopp til innhold

Vikjagut imponerer i USA

Henrik Holmberg frå Vik IL har imponert i innandørssesongen i friidrett i USA. Studenten er no kvalifisert for den nasjonale college-meisterskapen.

Sist helg deltok han sjukamp på eit stemne i Mankato i Minnesota, og med resultatat derfrå kvalifiserte han seg til «Nationals» som er landsmeisterskapen i USA for collegestudentar.

– Innandørssesongen er i full gang og i helga hadde eg min første sjukamp, som gjekk veldig bra. Eg fekk personleg rekord, persa med over 100 poeng og enda opp med 4930 poeng, opplyser Holmberg på epost frå Sioux Falls der han studerer.

Holmberg representerer framleis heimeklubben Vik IL, og sikra seg sølv i høgde under norgesmeisterskapen for senior i fjor.

Under stemnet i Mankato enda mangekjemparen opp med desse resultata i sjukampen:

60m: 7,37 sekund

Lengde: 6,81 meter

Kule: 12,41m

Høgde: 2 m

60 m hekk: 9, 17 s

Stav: 3, 74 m

1000m: 2,57 min