NRK Meny
Normal

Vikingsenteret er nærare enn nokon gong

NORDFJORDEID (NRK): Onsdag kveld går startskotet for innsamling av privat kapital. Men kreftene bak vikingsenteret er så positive at planlagt opning allereie er sett.

Sagastad

EIT INNBLIKK I HISTORIA: Med ein kopi av Myklebustskipet, Norges største vikingskip, som hovudattraksjon skal opplevingssenteret Sagastad på Nordfjordeid gi ei oppleving av vikinghistoria.

Foto: Nordplan/AW/Arkikon

Opplevingssenteret sin hovudattraksjon blir ein kopi av Norges største vikingskip, som vart funne nettopp på Nordfjordeid.

Onsdag kveld startar innsamling frå både bedrifter, privatpersonar og organisasjonar.

– Vi har som mål å få inn vel åtte millionar i eigenkapital, og vi har eit investeringsbudsjett på 22,6 millionar for å byggje det som skal inn i senteret, seier styremedlem Roger Bergset i Stiftinga Sagastad.

Mange vil vere med

Senteret har vore under planlegging sidan 2007, og gjennom mellom anna utstilling av vikingskipet og andre gravfunn, film og animasjonar skal dei fortelje ein bit av vikinghistoria.

Roger Bergset

GLER SEG: Styremedlem i Stiftinga Sagastad, Roger Bareksten, blir glad av å tenke på opninga i 2019.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi har planlagt det i mange år og vi har fått på plass bit for bit. Og no er prosjektet organisert, seier Bergset.

Og mottakinga på dette har så langt vore god.

– Vi har fått førehandsløfte på nærare sju millionar allereie. Av dei som har teikna seg for over 100.000 kroner så utgjer dei over 6,4 millionar allereie, så vi har god tru på at dette skal gå i boks.

Og sjølv før pengane er på plass er ting begynt å skje. Ein avtale er allereie på plass med dei som skal byggje båten og dei første trea er felt. Bygginga av båten startar i september. Og snart skal dei tilsetje ein dagleg leiar, fire år før bygget skal stå klart.

– Det har med at spesielt cruisenæring, planlegg tre år på forskot, så det å byggje opp marknaden tek lang tid. I tillegg skal det i prosjektfasen gjennomførast ein god del planlegging for å byggje innhald.

Applauderer arbeidet

Fylkesdirektør for kultur og næring, Jan Heggheim, synest prosjektet er svært spennande.

– Det er ei veldig entusiasme rundt Sagastad som eg har sette lenge. Fylkeskommunen var med og hjelpte til heilt i startfasen. No har dei kome så langt at vi ikkje har muskulatur til å støtte dei lenger, men vi applauderer. Eg synest det er veldig kjekt å høyre det som skjer på Eid, seier han.

Jan Heggheim

VIL BETY MYKJE: Det trur fylkesdirektør og kultur og næring, Jan Heggheim, om Sagastad.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Og Heggheim meiner senteret vil bety utruleg mykje for Nordfjord som reiselivsregion, og fylket elles.

– Det kan kanskje til og med vere eit ærend å reise for på same måte som ein festival. Vi har jo sett Malakoff-festivalen utvikle seg heilt fantastisk. Vi har veldig mykje naturbasert som utviklar seg rett, men vi må ha god balanse mellom det menneskeskapte og det naturen gir oss.

Opplevingssenteret er planlagt opna i april 2019.

– Det burde ikkje vere naudsynt å seie kor mykje eg gler meg til det. Det blir heilt fantastisk når vi står der i 2019, seier Bergset.

Visste du at det største vikingskipet som er funne i Norge, i si tid blei utgreve på Nordfjordeid. 
For fyrste gong er det no laga ein modell av det unike funnet.
Og no skal vikingtida blir turistattraksjon...

FUNNEN I EID: Myklebustskipet er eitt av dei største skipsfunna frå vikingtida i Norge.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.