Hopp til innhold

Vikarlege aksepterer bildrapsdom

Ein 47 år gamal dansk statsborgar godtek fengselsstraffa på sju månader etter ulukka som kravde livet til ei seksbarnsmor ved Bryggja i påska i fjor. – Dei er veldig letta. No kan dei gå vidare i liva sine utan mor, seier advokat Catharina Skage som representerte borna til den omkomne.

Trafikkulukke ved Bryggja.

OMKOM: Det var ein kraftig samanstøyt mellom dei to bilane, skjærtorsdag i fjor.

Foto: Øystein Torheim

Mannen jobba som vikarlege i Vågsøy kommune, og var på veg heim til Måløy etter nattevakt ved legevakta i Eid då han kolliderte med ein møtande bil.

Ei polsk seksbarnsmor i 40-åra omkom i den kraftige samanstøyten. Passasjeren i bilen hennar kom frå ulukka med lettare fysiske skader.

– Den dommen blir ikkje anka frå vår side, stadfestar forsvarar Paul Inge Angelshaug overfor NRK.no.

– Kan gå vidare

Etterlatne etter Bryggja-ulukka.

LETTA: To av borna til den omkomne kvinna følgde rettssaka i Fjordane tingrett. Her er dei saman med advokaten deira, Catharina Skage.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dommen var i tråd med påstanden til politiadvokat Erling Melvær då saka gjekk i Fjordane tingrett i starten av oktober.

Mannen var påverka av medikament tilsvarande 0,5 promille under køyreturen. Tingretten la også til grunn at farten var minst 125 km/t i samanstøyten då dei fann han skuldig i aktlaust bildrap.

– Som etterlaten er det ei belastning å delta i ei slik rettsrunde. Når eit slikt kapittel blir avslutta, så kan ein gå vidare i både sorgprosess og liva sine, seier advokat Catharina Skage, som representerte borna til den omkomne kvinna.

– Viktig å setje punktum

Paul Inge Angelshaug

ANKAR IKKJE: Paul Inge Angelshaug var forsvarar for den dømde legen frå Danmark.

Foto: Oddleif Løset / NRK

NRK.no får stadfesta at det heller ikkje er aktuelt for påtalemakta å anke saka, og at dommen no er rettskraftig.

– Det er ei totalvurdering som er gjort i høve til belastninga som tingrettssaka var i det heile både fysisk og psykisk. Vi følte vi fekk belyst saka på ein god måte, og då er det viktig at ein etter kvart set punktum også av omsyn til andre som var involverte, seier Angelshaug.

– Viktig å setje punktum

Mannen fekk sjølv alvorlege skader i ulukka. Sjølv om han ikkje hugsar stort frå sjølve ulukka, nekta han straffskuld i saka mot han.

LES OGSÅ: Tøft møte for dei etterlatne i retten

47-åringen vart også dømd til å betale 875.000 kroner i erstatning den omkomne kvinna sine etterlatne.

– Det har vore ein vanskeleg prosess. Som følgje av ulukka vart mannen veldig hardt fysisk skadd og sterkt prega av det i etterkant. Det er klart at det har ført til at han har hatt problem med å gi att detaljar av ulukka, det gjer også at det å lese dommen slik den står fram er veldig tung, seier Angelshaug.

Saka blir oppdatert.