Hopp til innhold

Vikarlegar tre gonger dyrare

Utanlandske vikarlegar kostar Helse Førde fleire titals millionar kroner ekstra kvart år.

Legespesialister.

Arkivfoto.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

–Dei utanlandske vikarlegane er nær tre gonger så dyre som tilsvarande norske legar i full stilling.

– Går sterkt ut over budsjettet

Medan vikarlegane frå utlandet kostar 1000 kroner timen, får dei fast tilsette legespesialistane om lag 350 kroner i grunnløn. Fungerande styreleiar Jorunn Ringstad i Helse Førde likar ikkje situasjonen.

– Det er klart at når du må betale nær tre gonger så mykje for vikarlegane så går det sterkt ut over budsjettet til eit lite helseføretak som Helse Førde.

Det er i dag nærare 200 utanlandske legar knytte til Helse Førde, og mange av desse er vikarar som turnerer mellom sjukehus i heimlandet og sjukehusa i Sogn og Fjordane.

Løn, reise og opphald

Dei 1000 kronene i timen som Helse Førde må punge ut til vikarlegane, inkluderer løn, reise- og opphaldsutgifter. Helse Førde går mot eit underskot på 95 millionar kroner i år, og mykje innleige av vikarlegar er ein viktig grunn til den svært anstrengte økonomien i helseføretaket, seier Ringstad.

– Det er mellom anna dette som gjer at økonomien i Helse Førde er pressa.

– Fleire titals millionar ekstra

– Det er antyda at dette er ein meirkostnad på 30-40 millionar kr årleg for Helse Førde. Er det på eit slikt nivå det ligg?

– Eg har ikkje eksakte tal på kor mykje meir det er enn i dei andre helseføretaka, og dette vil variere etter kven vi samanliknar oss med, men at det dreier seg om fleire titals millionar, det er korrekt.

– Kvar er det vanskelegast å rekruttere legar?

– Vanskelegast på lokalsjukehusa

– Det viser seg at vi har hatt størst problem med å skaffe spesialistar på dei minste sjukehusa. Vi har opplevd at vi har lyst ut stillingar ved dei minste sjukehusa og ikkje fått søkjarar.

– Når vi då lyser ut stilling med arbeidsstad Førde Sentralsjukehus, men med krav om at dei i enkelte dagar eller periodar skal jobbe ved dei mindre sjukehusa, så har det plutseleg kome søkjararar.

– Eg har snakka med yngre legar og spesialistar. Dei seier at dei vil vere ved sjukehus der det er ein viss storleik på miljøet. Mange gir uttrykk for at miljøet i Lærdal og på Nordfjordeid blir for lite.

Ved den forsterka fødestova i Lærdal er det til dømes ikkje fast tilsette gynekologar, seier Jorunn Ringstad.

– Det er ein del av legestafetten vi har på ulike stillingar i Helse Førde, og det er på den måten vi har løyst utfordringane der.

– Må snu alle steinar

– Mange vil hevde at dette er eit argument for å legge ned avdelingar ved lokalsjukehusa. Din kommentar til det?

– Vi har ein struktur som det ikkje er noko forslag i styret om å endre på, men vi har sett ned ei gruppe som skal sjå på heile organiseringa framover. Der lyt vi snu alle steinar, men pr i dag er ikkje noko vedtak fatta.