Hopp til innhold

Vikarar får ekstra betalt for å droppe ferie

FØRDE (NRK): Sommarvikarar som vil ha ferie har blitt eit problem for mange kommunar. Enkelte kommunar tilbyr fleire tusen kroner bonus, til vikarar som er villige til å vente med ferien.

Siri Grimelid

OFRAR FERIE: Siri Grimelid kan vente seg ekstra lønn etter å ha sagt seg villig til å jobbe heile sommarferien som pleieassistent.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Sommarbonusen gir motivasjon til å jobbe heile sommaren. Ein har noko å strekkje seg etter og jobbe for, så får ein påskjønning når ein er ferdig, seier Siri Grimelid.

Mange prioriterer ferie

NRK møter 21-åringen mens ho serverer middag og dessert til bebuarane ved Førde Helsetun. Det fristar med nokre veker fri, men her skal ho vere heile sommaren.

Mange jamaldringar krev derimot å få ferie. Trenden er eit aukande problem for mange kommunar som er avhengige av vikarar for å få sommarturnusen til å gå opp, ikkje minst innan helsevesenet.

No betalar enkelte kommunar fleire tusen kroner i bonus for at ungdomar som Siri Grimelid skal jobbe litt ekstra.

Måtte ha ekstra vikarar

Gunn Beate Bruland

MÅTTE GJERE TILTAK: Einingsleiar Gunn Beate Bruland i Førde kommune sleit med å få feriehungrige studentar til å jobbe heile sommaren.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi hadde problem med at dei gjerne jobba tre-fire veker, og tok fri resten av sommaren. Då blir det mange sommarvikarar, mange som må få opplæring, og det blir mange vikarar å ta omsyn til for brukarane våre, fortel einingsleiar Gunn Beate Bruland i Førde kommune.

Ho treng vikarar i åtte veker for å få dei fast tilsette sin feriekabal til å gå opp.

– Vi såg at det var vanskeleg å få dei til å jobbe siste veka av sommarferien. Då begynner fadderveka og slike ting på universitet og høgskular. Sjølv om det var planlagt at dei skulle jobbe ut tida, så blei det forandringar og dei reiste før den siste veka.

Les også: Mange sommarvikarar går utan kontrakt

3000 kr for siste ferieveka

Løysinga med å sponse har blitt viktig for å skaffe nok folk. Derfor tilbyr Førde kommune og fleire andre kommunar no bonus til vikarar som jobbar i minst seks veker av sommarferien, og ytterlegare 3000 kroner om ungdomen held ut den siste veka før skulestart.

Kommunen har så langt ikkje vurdert å stille dei unge ultimatumet om å jobbe heile sommaren eller ikkje få jobb.

– Vi kunne sikkert gjort det, men som regel har vi rikeleg med søkjarar. Då ønskjer vi å plukke ut dei som vil jobbe lenge, og som vil jobbe den siste veka, seier einingsleiaren.

Sommarvikar Amalie Bruland

JOBB ELLER FADDERVEKE: I år går det greitt for Amalie Bruland å jobbe heile sommaren. Neste år vil ho prioritere student-fadderveka på tampen av ferien.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Droppar ikkje fadderveka neste år

For det er ikkje enkelt å stå i jobb når lærestadane lokkar med spennande aktivitetar i midten av august.

Amalie Bruland har tenkt å jobbe heile sommaren, men til neste år er planen å rekke fadderveka til studiestart.

– Det er ikkje noko kjekt å gå glipp av fadderveka når du skal begynne å studere. Det er då ein kjem inn i miljøet og blir kjende. I år går det greitt å jobbe, men det ikkje aktuelt neste år, seier sommarvikaren i Førde.