Vikafjellsvegen fyller 50 år

Samferdsleminister, og nyvald partileiar i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete feirar jubilanten med snorklypping 50 år etter.

Vikafjellsvegen, sett frå vossesida.

Vikafjellsvegen, sett frå vossesida.

Foto: Ottar Starheim / NRK

50 års-jubilanten Vikafjellsvegen vert i dag feira med brask og bram i kommunane Vik og Voss.

Kryssa i 1956

Liv Signe Navarsete

Krona til ny senterpartidronning i går, 'opna' Vikafjellet i dag.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Det skjer 52 år etter at Nils Bonsaksen som første mann kryssa Vikafjellet frå Voss til Vik og attende. Det gjorde Bonsaksen 14. august 1956 med sin eitt år gamle Skoda.

Veganlegget var framleis ikkje fullført, slik at kring ein kilometer av turen gjekk i terrenget. I følgje vegvesenet syner spora den dag i dag. Drosjesjåfør Per Breilid frå Vik, vart den første som kryssa fjellet frå Vik til Voss og attende.

Eidar opna vegen

Som samferdsleminister stod eidaren Kolbjørn Sigurd Verner Varmann for den offisielle opninga av veganlegget 13. september 1958. Då hadde allereie kring 30.000 køyrety kryssa Vikafjellet.

- Vikafjellsvegen vil få ei sentral rolle for nord-sør trafikken på Indre Vestlandet, uttalte Varmann då.

Sentral

Spådomen til Varmann viste seg å slå til. Årsdøgntrafikken var i 1996 på 517 køyrety. I fjor var den på 445. Fjellovergangen har i lengre tid vore tema for diskusjon.

Som i dag, skapte Kong Vinter problem for den populære vegen. I vinter var Vikafjellet stengt i 1148 timar . I frustrasjon over eit vinterstengt Vikafjell, gjorde arkitekt Anders Vikøren i vinter framlegg om å legge varmekablar i vegen .

Lang veg

Det første kjende framlegget om å etablere samband , kom allereie i 1848 på Nordre Bergenhus Amtsformannskap.

Men sjølv om den også var oppe året og ved fleire høve før århundreskiftetvar det først på 1930-talet ein kom i gang med arbeidet.