Hopp til innhold

Vikafjellsvegen er ute av vegplanen

Vikjene er opprørte over at pengane som skulle vere oppstartsløyving til ein ny Vikafjellstunnel, har forsvunne. Ordføraren forventar at regjeringspartia får tunnelen inn att i Nasjonal Transportplan.

Vêrutsett Vikafjell

VÊRHARDT: Seinast sist veke var rv. 13 over Vikafjellet stengd i fleire dagar. Draumen er ein ny, lang tunnel.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg fekk litt sjokk. Vi leita med lys og lykter for å finne det, men det var ingen ting.

Det fortel Vik-ordførar Olav Turvoll (Sp) etter at han i løpet av dagen febrilsk har leita etter spor av Vikafjellstunnelen i fagetatane sitt framlegg til ny Nasjonal Transportplan.

Låg inne med 100 millionar

Jubelen var stor på begge sider av fjellet, då riksveg 13 over Vikafjellet hadde fått plass Nasjonal Transportplan som vart lagt fram i 2013. I siste planperiode var det sett av 100 millionar kroner til den etterlengta Vikafjellstunnelen. Med ein samla prislapp på 1,6 milliardar kroner, skal tunnelen gjere den vêrutsette fjellovergangen til ein farbar heilårsveg.

Men då fagetatane måndag klokka 10 la fram sitt forslag til den nye Nasjonale Transportplanen som blir gjeldande frå neste år, var ikkje Vikafjellet til gode sett med ei krone.

– Dette hadde eg ikkje trudd. Eg hadde kanskje rekna med at det var litt framskunda og meir pengar, men no er alt ute. Det var veldig skuffande, konstaterer Turvoll.

Forventningane var store i Vik tidlegare måndag. – Eg store håp om at det ligg føringar som tilseier framskunding av oppstart for Vikafjellstunnelen, sa tidlegare ordførar Marta Finden Halset til NRK, før framlegginga av NTP.

Rassikring

Turvoll finn likevel ei trøyst i at Statens vegvesen føreslår å bruke 460 millionar til rassikring i Kvassdalen. Dette er den rasutsette strekninga like i forkant av det planlagde innslaget for Vikafjellstunnelen på Hordalands-sida. Turvoll ser det som sjølvsagt at ein må nytte tunnelmasse til rassikringa.

– Det høyrest logisk ut for meg. Skal ein drive tunnelarbeidet etterpå, må ein deponere massane. Då vil det vere hôl i hovudet om rassikringsarbeidet alt er ferdig.

Skuffa ordførar måtte konstatere at tunnelen som kan gi heilårsveg over Vikafjellet ikkje ligg inne i fagetatane sitt framlegg til Nasjonal Transportplan.

SJÅ TV-REPORTASJE: Ordførar Olav Turvoll i Vik på staden der innslagspunktet er tenkt i Bøadalen i Vik.

Regjeringspartia har lova

Sp-ordføraren meiner det kviler stor forventning til at regjeringspartia får inn att løyvingane i NTP. Han viser til at både Høgre, Frp og KrF har lova pengar til riksveg 13. Vikafjellsvegen har hatt om lag 50 døgn stenging kvar vinter dei siste åra.

Statens vegvesen sine alternativ for tunnel gjennom Vikafjellet, med tverrslag til Framfjorden

SKAL ERSTATTE VÊRUTSETT VEG: Snøskred og uvêr held med jamne mellomrom Vikafjellsvegen stengd vinterdagen. Vegvesenet har komme langt i planlegginga av ny tunnel på vegen som knyter Vik til Voss.

Foto: Statens vegvesen

– Vi må prøve å påverke politisk i alle kanalar vi kan. Kvar dag må vi minne partia som er i regjering om kva dei lova før valet, og i transportkomiteen sin merknad til den førre nasjonale transportplanen, seier Turvoll

Ei opprusting av vegen er ikkje minst viktig viss Vik skal gå i storkommune med Voss, noko som er eitt av alternativa sognekommunen vurderer.

– Det er dei som sit med makta og kan gjere noko med det. Då forventar eg at det blir gjort. Det går ikkje an å komme med slike løfter, og så ikkje innfri, seier ordføraren i Vik.

Heller ikkje prosjektet som skal erstatte dagens smale tunnelar på riksveg 15 over Strynefjellet, ligg inne i fagetatane sitt framlegg til NTP.