Hopp til innhold

Vikafjellsbussen lagt ned vinterstid

Bussruta over Vikafjellet blir lagt ned mellom november og april.

Vikafjellet 16.03.15

SEIER NEI: Det blir ikkje bussrute over Vikafjellet om vinteren.

Foto: Statens vegvesen

I dag gjorde hovudutvalet for samferdsle det endelege vedtaket: Bussruta over Vikafjellet mellom Vik og Voss kjem ikkje til å gå mellom 1. november og 30. april.

Leiar for utvalet, Arnstein Menes, seier situasjonen i vinter med mange stengingar grunna ras og rasfare, var med på å gjere at dei gjekk inn for stopp i bussrutene vinterstid.

– Vi har blitt kontakta av Hordaland fylkeskommune om at dei ikkje ønskjer å køyre ruta over fjellet i sitt neste anbod. Dei ønskjer å stoppe i Myrkdalen. Så har situasjonen i vinter vore utsett der, og det har vore få dagar ope. Vi har difor gjort vedtak om å stoppe bussruta over fjellet mellom november og april.

Saka vart utsett tysdag, men onsdag gjekk utvalet samrøystes inn for vinterstopp på bussruta. Menes ser at dette vil få konsekvensar for innbyggjarane i Vik og andre som brukar bussen.

– Bruken i vinter har jo vore veldig liten. Men det fjernar jo eitt av alternativa til å komme seg til Bergen om vinteren.

– Ingen veg utanom

Menes seier det var ikkje noko veg utanom å vedta ei nedlegging, i og med situasjonen fylkeskommunen er i der dei må vedta betydelege kutt.

– Dette ville uansett hamna på nivå 2 i ei slik utgreiing når det gjeld kutt, så dette er eit tilbod som uansett ville ha forsvunne i ei slik utgreiing. Så vi har starta på jobben med å ta ned talet på bussruter i fylket. Det vil nok komme fleire, seier Menes.

Ordførar Marta Finden Halset i Vik er svært skuffa over vedtaket.

– Dette set oss tilbake til 1960-talet. Kva er det neste fylkeskommunen vil gjere for å isolere oss endå meir? Og korleis kan dei tru at vi vil tilhøyre Sogn og Fjordane når dei ikkje unner oss noko?