NRK Meny
Normal

Vikafjellet stengt igjen etter 1 time og eit kvarter

Klokka ni laurdag opna Vikafjellet etter å ha vore stengt på grunn av opprydding, men gleda vart kortvarig.

Riksveg 13 Vikafjellet

STENGT IGJEN: Riksveg 13 over Vikafjellet stengd på grunn av ras i lida ned mot Vik.

Foto: Webkamera, Statens vegvesen

– Ja, etter ein time og eit kvarter gjekk det eit nye ras, denne gongen nede i lida mot Vik, seier Arne Stadheim, som er vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Området der raset har gått er eit kjent rasområde, og nysnøen i natt har truleg vore medverkande til raset. Stadheim seier det ikkje er snakk om noko stort ras, men på grunn av fare for nye ras blir ikkje vegen opna igjen laurdag.

– Det blir gjort ei ny vurdering sundag morgon.