Hopp til innhold

Vikafjellet opna for trafikk igjen

Onsdag kveld gjekk det eit nytt snøras på riksveg 13 over Vikafjellet. Vegen var ein periode stengd for trafikk.

Ras på Vikafjellet

NYTT RAS: Riksveg 13 over Vikafjellet stengt av ras.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Vi har mannskap som no er oppe i området for å vurdere om det er trygt å starte rydding no i kveld, seier vaktoperatør Ove Amundsen ved Vegtrafikksentralen i Bergen, når NRK snakkar med han like før klokka 19:30

Også tidlegare onsdag gjekk det ras i same området, men ikkje så stort at det dekka vegen. Vegtrafikksentralen kan førebels ikkje seie noko om kor stort det siste raset er.

– Dei som melde frå om raset sa det var så stort at det ikkje alle fall sperra vegen, det er alt vi kan seie no før vi har fått sette på raset.

– Når kjem de til å ta ei avgjerd på når vegen eventuelt kan opnast igjen?

– Det kan skje ganske raskt, når vi berre har fått vurdert rasfaren er i området. Blir det kjøligare og det frys på litt kan vi nok starte rydding i dag. Er det mildt kan vegen i verste fall blir stengd til torsdag.

KLOKKA 20:24 Melder Statens vegvesen at raset er rydda og at riksveg 13 over Vikafjellet er opna for trafikk igjen.

Storeskrea