Hopp til innhold

No krev dei fortgang i tunnelplanane

Sist vinter var riksveg 13 over Vikafjellet stengd i 50 døgn. No krev næringsliv og politikarar at planane om tunnel kjem inn i Nasjonal transportplan.

Riksveg 13 over Vikafjellet skal vera ein heilårs riksveg, 
- sist vinter stengd i 50 døgn. I Vik blir det no mobilisert for å få pengar til ny tunnel.

No krev Vikjene fortgang i arbeidet med å få tunnel under Vikafjellet inn i Norsk transportplan.

Snøfresen jobbar igjen på spreng . I dag opna Vikafjellet for trafikk etter to dagars stenging. Sist vinter måtte brøytemannskapa gi tapt i 50 døgn. Riksveg 13 var landets mest stengde riksveg.

Men løysinga har vikjene venta på i årevis. 15 kilometer tunnel under Vikafjellet frå Sogn til Hordaland. Men tida køyrer snart ifrå vegforkjemparane. I mars vedtek Stortinget Nasjonal transportplan. Så langt utan ei krone til tunnel i Vik.

Marta Finden Halset

KREV TUNNEL: Ordførar i Vik, krev at Stortinget får med tunnel under Vikafjellet i NTP.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vegen er upåliteleg

– Vi har eit stortingsvedtak på at vi har ein heildøgnsopen vinterveg. Men vegen er heilt upåliteleg både natt og dag. Dette er ein uhaldbar situasjon for ein heil kommune. No står saka i hovudstaden og hos stortingspolitikarane våre, seier ordførar i Vik, Marta Finden Halset.

Hos bedrifta Vik / Ørsta er nye autovern på veg til Stavanger. Er fjellet stengt, blir vegen lang. Nærinslivet har høyrt lovnader, no krev dei handling.

– Må få lang tunnel

– Det er ein lang tunnel som må til for å få eit sikkert samband. Det vil hjelpe heile regionen, seier Svenn Finden ved hjørnesteinsbedrifta.

Svenn Finden

Svenn Finden

Foto: Johan Moen / NRK

Jorunn Åsfrid Røyrvik, dagleg leiar, Rinde Rekon / Røyrvik Bygg og Betong, er heilt samd med sin næringslivskollega.

– For nokre år sidan så var alle parti tilstades på folkemøte her i Vik, og då lova alle partia at dei skulle jobbe for Vikafjellsvegen. Vi reknar med at det må dei følgje opp vidare, sler Røyrvik fast.

Veit ikkje når det kan bli tunnel

Fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Senterpartiet vil derimot ikkje forskottere noko på kva stortingsfolka vel å ta med i Nasjonal transportplan.

– Det Fylkestinget har sagt er at ein heilårsveg over Vikafjellet med lang tunnel må kome inn i Nasjonal Transportplan, det er vi tydelege på i vår uttale, seier Følling.

– Kva årstal køyrer vi i ny tunnel under Vikafjellet?

– Det kan eg ikkje svare på, men det vi kan seie noko om er at vi skal jobbe for dei viktige vegprosjekta i fylket vårt.