Hopp til innhold

Stengde vegar på grunn av ras og dårleg vêr

Fleire fjellovergangar er stengde på grunn av dårleg vêr og Vikafjellet er stengt på grunn av ras.

Vikafjellet stengt

RAS: Det blir gjort ny vurdering om å opne Vikafjellet klokka 14.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt etter at det gjekk eit snøras i går. Statens vegvesen opplyser at det vil bli gjort ei ny vurdering om kor vidt vegen kan opne rundt klokka 14 i dag.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet opna etter ein snørik vinter torsdag 30. april. Men etter ei knapp veke måtte fjellovergangen stengast på grunn av uvêr. Rundt klokka 08 vart fjellovergangen opna.

Også Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er stengt på grunn av snøras og fare for ras.

NRK oppdaterer deg på trafikken!