NRK Meny
Normal

VIK: Sp tek eitt mandat frå Venstre

I Vik blir det ikkje dei heilt store endringane i makttilhøvet dei komande fire åra.

Olav Turvoll og Roy Egil Stadheim

SKAL FORHANDLE: Olav Turvoll (Sp) t.v. og Roy Egil Stadheim (Ap) er begge nøgde med valresultatet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vallogo

Arbeidarpartiet er framleis det største partiet med 35,2 prosent av røystene, men Senterpartiet går fram 7,8 prosentpoeng og får 29,9 prosent.

Det gjer at partiet går fram med eitt mandat til fem representantar, medan Arbeidarpartiet blir ståande på sine seks.

Det er Venstre som er den største taparen, tilbake 8 prosentpoeng til 14,5 prosent og tre mandat, eitt mindre enn i inneverande periode.

Ordførarkandidat for Senterpartiet, Olav Turvoll, er ogdt nøgd med framgangen.

– Eg hadde ikkje noka kjensle på førehand om korleis det ville gå, så dette må vi vere nøgde med. Vi står sterkare enn før, men Arbeidarpartiet er framleis størst. Vi har ein avtale om å snakke med dei først om ordførarvalet.

– Held stand

Det er Roy Egil Stadheim som er ordførarkandidaten til Arbeidarpartiet, og han er også nøgd.

– Vi held stand og er det største partiet. I morgon eller onsdag set vi i gang med å forhandle om ordførarvervet.

– Sidan Ap er største partiet er det kanskje naturleg at du blir ordførar?

– Det får vi sjå på, men vi skal forhandle først.

Det er Ap som har ordføraren i inneverande periode, men Marta Finden Halset har sagt frå seg attval.

Her ser du valresultater for Vik:

Valresultatet i Vik
Foto: Kjell Arvid Stølen
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast