VIK: Vil halde fram som i dag

Eit klart fleirtal av innbyggjarane vil stå åleine. – Folk i Vik har gitt politikarane eit klinkande klart svart på korleis dei vil ha kommunen sin framover, seier fungerande ordførar Roy Egil Stadheim.

Roy Egil Stadheim

MANGE SA SITT: I tillegg til at mange gjekk til valurnene var vikjene ganske samstemte, konstaterer fungerande ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han er svært godt nøgd med at så mange som 63 prosent av dei røysteføre har gått til valurnene for å seie sitt om framtida til kommunen.

65 prosent av dei som har stemt seier dei vil stå åleine. 31,57 prosent vil slå seg saman med Aurland og Voss, medan knappe 2,65 prosent vil slå seg saman med Balestrand, Leikanger og Sogndal.

– Dette er ei rettesnor vi som politikarar må ta vidare i drøftingane som kjem. Dette var eit klart svar, konstaterer Stadheim.

Laster innhold, vennligst vent..

Vil ikkje sjå forbi signalet

I Vik har diskusjonane lenge gått om ei samanslåing med Voss og Aurland, der mellom anna tunnelen under Vikafjellet har vore i spel. I februar skreiv dei tre kommunane ein intensjonsavtale.

– Betyr dette at de skrinlegg heile tanken om å gå til Voss med Vikafjellstunnelen som eit vilkår?

– Det er klart at det skal veldig mykje til for at vi skal sjå forbi eit så sterkt ønske frå folket i Vik, seier Stadheim.

Han seier at neisida har mobilisert kraftig fram mot valdagen. Då førehandsrøystene var talde opp før i kveld viste dei at 60 prosent ønskte at kommunen slo seg saman med Voss og Aurland. Men i den endelege oppteljinga er dette altså snudd på hovudet.

– Eg la ikkje så mykje vekt på førehandsrøystene, for vi veit at neisida har mobilisert i det siste, og at dei har vunne fram, seier Stadheim.

Feios krins leverer røystene på kommunehuset i Vik.

STORT FRAMMØTE: Feios krins leverer røystene på kommunehuset i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ville blitt utkant

Før helga vart det arrangert skuleval der ungdomsskuleelevane på Feios og Flatbygdi skular fekk seie sitt. Fleirtalet av ungdomane svarte at dei ikkje vil at kommunen skal bli del av noko storkommune.

Blant dei var niandeklassing Ingvild Berge Feidje som sit i ungdomsrådet i Vik. Ho har heile tida håpa på at innbyggjarane ville høyre på signalet frå ungdomane.

– Eg har eigentleg trudd i heile dag at det skal bli flest for å stå åleine, seier ho til NRK.no måndag kveld.

Ho argumenterer med at kommunen hadde blitt ein utkant om dei hadde blitt del av ein større kommune.

– Vik ville blitt utkant uansett i ein storkommune. Sørover har vi eit ustabilt fjell, medan vi får fjorden som ei sperre om vi ser til Sogn storkommune, seier ho.

Vossingane seier ja

Innbyggjarane på Voss seier i si innbyggjarundersøking klart ja til kommunesamanslåing. 70 prosent av dei spurde vil ha samanslåing med ein eller fleire av kommunane Aurland, Vik og Granvin.

22 prosent av vossingane vil halde fram som eigen kommune, medan åtte prosent har svara «veit ikkje».

Aurland-ordføraren legg ballen daud

I Aurland er dei derimot lite lystne på å bli del av ein større kommune saman med Vik og Voss. Heile 84,4 prosent av innbyggjarane gav si klare melding om motstand mot samanslåing i dagens folkerøysting.

– Det er ei klar og tydeleg melding frå innbyggjarane. Dei meiner det beste alternativet for Aurland er å halde fram som eigen kommune. Eg er glad for høg valdeltaking, og er glad for at vi har fått ein eintydig råd frå innbyggjarane, seier ordførar Noralv Distad (H) til NRK.