Hopp til innhold

Vik vil ikkje ha pengehjelp

Formannskapet i Vik har takka nei til 25.000 kroner frå Fresvik helselag.

Marta Finden Halset
Foto: Sindre Løkstad / NRK

Helselaget ville betale kostnadene ved å drive legekontoret i Fresvik ut året.

Men formannskapet avslo tilbodet, og gjekk inn for å legge ned legekontoret som er opent kvar 14 dag. Dette er eit av mange kutt kommunen må ta i kjølvatnet av Terra-skandalen.

Ville betala ut året

- Me bur 35 kilometer frå sentrum, og me har ei stor bedrift her. I tillegg er det alle dei eldre både på heimen og elles, seier leiar Marta Stokkenes i Fresvik Helselag om kvifor bygda treng kontoret.

Difor vil laget spytta inn pengar i det. I utgangspunktet gjekk tilbodet ut på å betale for legekontoret ut året. Tanken er at kommunen innan då kanskje kan ha fått meir kontroll, og kanskje litt ekstra hjelp frå andre stader til å handtere krisa.

- Me syns me gjorde ei god gjerning når me vil hjelpa til. Då vert det jo skuffande når det vert motteke så negativt, seier Stokkenes.

Turde ikkje satsa utan garanti

På måndag skal kommunestyret i Vik bestemma seg for kvar dei skal kutta.

- Me turde ikkje gå inn på denne avtalen fordi desse pengane berre gjeld ut året, og der ikkje er nokon garanti for vidare støtte, seier ordførar Marta Finden Halset.

- I alle budsjettperiodar har me vurdert om ein må leggja ned legekontoret i Fresvik, og eg har sjølv vore med å verna det før.

- Men no gjer du ikkje det lenger?

- No er kommunen kome i ein slik situasjon at me må sjå den i eit heilskapleg lys, og der er mange sure eple me må bita i framover.

- Men kvifor kan de ikkje ta imot gratis pengar?

- Fordi dette er starten på ein større prosess der me må få kostnadene ned. Sjølvsagt er me glade for tilbodet om desse pengane, men det er vanskeleg at frivillige organisasjonar skal betala slikt og bestemma kva kommunen skal gjera, seier Finden Halset.