NRK Meny
Normal

Vik underkjende eigen revisor

Vik kommune hyra advokatfirma, betalt av Terra, for å imøtegå kritikk av kommunen sine Terra-investeringar

Vik i Sogn
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kommunerevisor Ingvar Linde var i 2002 kritisk til Vik kommune sine Terra-investeringar. Hans kritiske revisjonsrapport enda heilt på kommunalministeren sitt bord, men han vart overkøyrd av departementet. 

Terra betalte advokat

Etter at Linde hadde kome med sin kritiske rapport, hyra Vik kommune inn Terra Securities sitt advokatfirma Wiersholm for å imøtegå rapporten. 

Rekninga betalte Terra Securities, stadfestar rådmann Nils Geir Myrkaskog til Bergens Tidende.

Troppa opp hos statsråden

Da Vik og Terra utvida ordninga med investeringane i 2007, stilte Linde seg kritisk til om dette var i samsvar med departementet si vurdering frå 2002.  Både Vik kommune, Terra Securities og den ekstra-engsjerte revisoren troppa opp i departementet for å imøtegå Linde sine innvendigar.

Linde hadde rett

I ettertid viste det seg at revisor Ingvar Linde sine vurderingar var dei rette.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå