Hopp til innhold

Vik toppar tabellen - mot alle odds

Der ingen skulle tru at Vik skulle vere? Jo, det er toppen av 4. divisjon fotball.

Vik tek heiaropet

ALLE MED I JUBELEN: Vik tek kampropet «Zikke zakke» etter kvar siger. På tre kampar har dei gjort det tre gonger - og alle tre gongene har dei vunne 3-0.

Foto: NRK.no-tipsar

For etter tre kampar i den øvste lokale divisjonen, tronar Vik øvst. Med full pott på tre kampar - og null baklengs.

Det trudde ikkje fotballekspertane før sesongstart.

– Ekspertar og ekspertar. Eg veit ikkje kva eg skal kalle det, men dette er heilt fantastisk. Minst av alt oss sjølve hadde trudd dette, strålar spelande trenar Aleksander Valsvik.

Har marginar

Aleksander Valsvik

NØGD: Aleksander Valsvik er trenar for serieleiaren i 4. divisjon. – Det er som eg sa før sesongen, det er tre-fire lag som er eit knepp betre. Under der er det heilt jamt. Det er marginane som styrer kven som vinn kampane, seier han.

Foto: NRK.no-tipsar

Han har nettopp saman med dei andre Vik-herrane teke kampropet «Zikke zakke» for tredje gang på rad etter ein 3-0 siger. I dag var det 3. divisjonslaget Førde sine nestbeste som kom til kort.

Nemnde Valsvik, Sondre Skjerven og Thomas Hjortland sytte for scoringane. Alle etter pause.

– Vi gjer god kamp, men vi har marginane med oss i dag. Hadde Førde fått det første målet, ville vi fått det mykje tøffare. Men vi får det viktige målet, og etter det dett dei litt ihop. Spesielt på 2-0, seier trenaren.

– Har matchvinnarar

I tillegg til Førde 2, har Skavøypoll og Høyang alle fått tre i sekken og null poeng mot Vik.

Stryn er førebels nummer to på tabellen, med like mange poeng, men med tre mål dårlegare målskilnad.

– Vi har spelarar med ferdigheiter og som står godt til spelestilen vår. Vi har duellstyrke og fart til å truge bakrommet. Vi skapar mange målsjanser og lagar mange mål, seier Valsvik og konstaterer at Vik har matchvinnarar i begge ender av bana.

Heilt bakerst står keeperkjempa Stig Roar Hovland som har over 300 kampar for klubben.

Fire mål på tre kampar

Stig Roar Hovland

NULL BAKLENGS: Stig Roar Hovland blir kalla smoltringmannen av trenar Aleksander Valsvik. – Det er utruleg viktig å ha den rutinen bak der som styrer forsvaret med jernhanaskane sine, seier Valsvik.

Foto: NRK.no-tipsar

Ein av dei som har overraska mest på dagens Vik-lag er toppscorar Hjortland. Hjortland har siste åtte åra vore sporadisk med på laget.

– Han er ein utruleg god fotballspelar, som har site litt for mykje inne på Feios og spelt litt for mykje old boys-fotball dei siste åra. Han skulle vi hatt med oss i mange år, seier Valsvik om 26-åringen som i dag sette inn si fjerde scoring for sesongen.

– No har han fått treningsgrunnlaget på plass, og då har han nivået inne og vel så det, avsluttar han.